Hans Jørgen Bauck () var ein norsk sakførar, tenestemann og Høgre-politikar frå Trondheim.
Bauck var son til ein kjøpmann. Han vart student frå Trondhjems Katedralskole i 1879 og tok juridisk embetseksamen i 1883. I tida 1881-86 var han eidsvoren fullmektig hos byfuten i Trondheim, sidan dreiv han som overrettssakførar i tida 1886–1905. Frå 1904 var han borgarmeister i Trondheim til han døydde.
Bauck var ordførar i Trondheim perioden 1902-04. Valbolken 1913-15 representerte han einmannkrinsen Kalvskinnet og partiet Høgre på Stortinget, der han som medlem av Jarnbanekomiteen arbeidde for å få bygt Dovrebanen.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Stortingsrepresentantar for Trondheim og Levanger Kategori:Stortingsrepresentantar 1913-1915 Kategori:Ordførarar i Trondheim Kategori:Høgreordførarar i Sør-Trøndelag Kategori:Rådmenn Kategori:Norske advokatar Kategori:Folk frå Trondheim