mini|350px|Kart over dei mongolske språka. Mongolske språk er ein språkfamilie som blir snakka i dei nordlege delane av Asia.

Dei mongolske språka skil seg frå kvarandre framfor alt syntaktisk, leksikalsk sett er det ikkje så store skilnader dei i mellom.

Dei mongolske språka blir ofte bunta saman i lag med tyrkiske og tungusiske språk til ein altaisk språkfamilie, men denne teorien får mindre og mindre støtte.

Klassifisering

Sjølv om avgrensinga av dei mongolske språka mot andre språkfamiliar er uproblematisk, er den interne strukturen til språkfamilien problematisk. Den tradisjonelle inndelinga i aust- og vestmongolsk (med ein restkategori av «randspråk») er geografisk heller enn genetisk motivert.

Vestmongolsk Kalmykisk ved Volga sitt utløp i den søraustre delen av europeisk Russland Oiratiske språk i Mongolia, Kina (Xinjiang, Qinghai) og Russland (Altaj) Austmongolsk Sørmongolske dialektar i Indre Mongolia (Kina) Mongolsk, offisielt språk i Mongolia Burjatisk i Sibir og i nordlege delar av Mongolia Andre mongolske språk Dauriske språk i Indre Mongolia Mogholsk i Afghanistan Ein del andre små språk, som tu

Litteratur Janhunen, Juha (2003): The Mongolic Languages. London: Routledge

Clauson, Gerard (1962): Turkish and Mongolian studies. London: Luzac

Comrie, B. (1981): The languages of the Soviet Union. Cambridge: CUP

Masica, Colin P. (1976): Defining a linguistic area: South Asia. Chicago, IL / London: Chicago UP

Ramsey, S. Robert (1987): The languages of China. Princeton

Kategori:Språkfamiliar * Kategori:Altaiske språk