Henrik Roardsson Spangelo () var ein norsk embetsmann og politikar frå Årdal i Sogn, busett i Aust-Agder. Han representerte Samlingspartiet og Frisinna Venstre på Stortinget frå 1909 til -15 og 1919 til -24.

Liv og gjerning Spangelo var son til lensmannen i Årdal, og gjekk Sogndal folkehøgskule 1876-78. Etter å ha vorte student i 1881 utdanna han seg til cand.jur. i 1885. Åra 1886-87 var han advokatfullmektig i Stavanger, arbeidde deretter som overrettssakførar i Grimstad frå 1888 til 1912. I 1912 vart han utnemnd til sorenskrivar i Nedenes, busett i Arendal. Jamsides jusen dreiv med fossespekulasjon, var mellom anna tungt inne i saka om Tyin-falla i Øvre Årdal.

Spangelo møtte på Stortinget frå 26. mai til 31. august 1909 som varamann for Terje A. Mørland. Frå 15. april 1910 og resten av tingbolken 1910-12 hadde han fast plass på Tinget, som tidlegare varamann for avdøde Ludvig Zwilgmeyer. Han var i 1909 medlem i næringskomite nr 2, og i 1910-12 kyrkjekomiteen. Perioden 1913-15 hadde han fast tingsete frå Arendal og Grimstad, medlem i protokollkomiteen og sekretær i reguleringskomiteen av 1913.

Etter å ha vore ute av Stortinget i ein valperiode, representerte han Frisinna Venstre i to samanhengande periodar frå 1919 til -24, då han var odelstingspresident. I den siste perioden var han vald frå dei åtte bykrinsane i Telemark og Aust-Agder.

Spangelo levde ugift og vart gravlagd på Årdalstangen.Gravstein i Årdal

Kjelder

Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar frå Frisinnede Venstre Kategori:Stortingsrepresentantar for byane i Telemark og Aust-Agder Kategori:Stortingsrepresentantar for Arendal og Grimstad Kategori:Stortingsrepresentantar 1907-1909 Kategori:Stortingsrepresentantar 1910-1912 Kategori:Stortingsrepresentantar 1913-1915 Kategori:Stortingsrepresentantar 1919-1921 Kategori:Stortingsrepresentantar 1922-1924 Kategori:Folk frå Årdal