mini|Utbreiinga til uralske folkegrupper mini|Språkgrupper i Nord-Russland og Sibir. mini|Moderne nenetsarar, ei samojedisk folkegruppe, frå Tajmyrhalvøya nord i Russland. Samojedar er urfolk som lever delvis som nomadar på tundraen og taigaen nord i Russland og i det nordvestlege Sibir (frå området rundt Kvitsjøen til Tajmyrhalvøya, særleg ved elvene Ob og Jenisej) og snakkar samojediske språk.

Tidlegare fanst det fleire samojedar òg i Sajan-fjella i Sør-Sibir. Samojedane var opphavleg jegerar, men i dag lever dei stort sett av reindrift og fiske, og dessutan noko pelsdyroppdrett, jakt, jord- og skogbruk. Nganasan-folket var utelukkande jegerar til langt innpå 1900-talet. Den tradisjonelle religionen til samojedane har vore sjamanisme. Samojediske språk vert snakka av kring 30 000 menneske.

Språk og folkegrupper Samojediske språk tilhøyrer den uralske språkgruppa og er i slekt med finsk-ugriske språk. Samojedane vert delt inn i folkegrupper etter språkstammane: Nenetsarar (tidlegare kalla jurak-samojedar, juraker og khasova) Enetsarar (tidlegare kalla jenisejar, jenisejsamojedar, karasasamojedar) Nganasanar (tidlegare kalla tavgisamojedar) Selkupar (tidlegare kalla ostjaksamojeder) Kamassarar (språket kamassisk, utdøydd i 1989) Motorar (språket mator, utdøydd på 1840-talet)

Nemninga samojedar (samojed i eintal) har ført til fleire konfliktar, fordi ordet på russisk (samojedy) tyder «dei som et maten rå» eller «dei som et seg sjølv», altså kannibalisme.

Sjå òg Samojediske språk Samojedhund Samar Inuittar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Samojeder» frå , den 2. april 2016.

Bakgrunnsstoff Om samojediske språk og russiske språkminoritetar (på engelsk) Russiske folkegrupper (på engelsk) Sibirske urinnvånere (på engelsk) Urbefolkning nord i Europa og Russland (på engelsk) Kort om samojedar i Nordisk Familjebok (1800-tals utgåvan) Om samojedane i engelsk leksikon fra 1911

Kategori:Arktis Kategori:Folkegrupper i Russland Kategori:Urfolk