Acid Queen er det andre studioalbumet til Tina Turner, gjeve ut i 1975 på EMI i Storbritannia og United Artists i USA. Sjølv om det er eit soloalbum av Tina Turner, var den første singelen frå albumet, «Baby Get It On», ein duett med Ike Turner, som var den musikalske partneren og ektemannen til Tina Turner på den tida. Det vart det siste studioalbumet ho gav ut før ho forlet Ike Turner og the Ike & Tina Turner Revue.

Oversyn Acid Queen har henta tittelen frå rolla til Tina Turner i Ken Russell sin filmversjon av den klassiske rockeoperaen til The Who, Tommy, der òg Elton John, Eric Clapton, Jack Nicholson, Ann-Margret og Roger Daltrey spelte.

Side A av den originale vinylplata består av coverversjonar av rockelåtar. Utanom ei nyinnspeling av tittelsporet, inneheld han Rolling Stones sine «Under My Thumb» og «Let's Spend the Night Together», The Who sin «I Can See For Miles» og Led Zeppelin sin «Whole Lotta Love». Side B var skriven og hovudsakleg produsert av Ike og Tina Turner, og inneheld den siste middels suksessrike R&B-singelen for Ike & Tina Turner, den disco-aktige «Baby Get It On» (US #88, R&B #31). Andre singlar frå albumet var «Whole Lotta Love» (#61 R&B) og «Acid Queen», som kom ut tidleg i 1976.

Acid Queen-albumet er gjeve ut på både vinyl og CD med forskjellige omslag av både EMI Music og den nederlandske etiketten Disky Communications. Den første utgjevinga av albumet på CD inneheld tre bonusspor henta frå Ike & Tina Turner-albuma The Hunter og Outta Season.

Innhald

Medverkande Tina Turner – solovokal Ike Turner – vokal på «Baby Get It On» Ed Greene – trommer Henry Davis – bassgitar Ray Parker jr. – gitar Spencer Proffer – gitarar Jerry Peters – klaverinstruments Clarence McDonald – klaverinstrument Jeffrey Marmelzat  – klaverinstrument Joe Clayton – congas Allen Lindgren – Arp, Moog & strykarensemble Jimmie Haskell – Arp, Moog & strykarensemble The Sid Sharp Strings – strykarar Tom Scott – saksofon, elektrisk fløyte, piccolotrompet Plas Johnson – saksofon Bill Perkins – saksofon Lew McCreary – trombone Tony Terran – trompet Charley Finley – trompet Denny Diante – perkusjonsinstrument

Produksjon Spor A1-A5 produsert av Denny Diante & Spencer Proffer Innspeling og miksing: Ron Malo Arrangert av Denny Diante, Spencer Proffer, Jeffrey Marmelzat & Jimmie Haskell Strykarar og blåsarar arrangerte av Jimmie Haskell Spor B1 produsert av Denny Diante, Spencer Proffer & Ike Turner Arrangert av Ike Turner, Denny Diante, Spencer Proffer, Jeffrey Marmelzat & Jimmie Haskell Orkestrert Jimmie Haskell Spor B2-B4 produsert av Denny Diante, Spencer Proffer & Ike Turner Arrangert av Denny Diante, Spencer Proffer, Jeffrey Marmelzat & Ike Turner Innspeling og miksing av Ron Malo Orkestrering av Jimmie Haskell

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Acid Queen (album)» frå , den 12. april 2016. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Tina Turner-album Kategori:Musikkalbum frå 1975