Asbjørnsnosi er eit fjell i Luster kommune på 1613 moh. Turen til toppen startar som oftast frå Røneid, men det er heller ikkje uvanleg å gå frå Leirdal. Toppen er fin både på sommar og vinter. Frå toppen er det god utsikt til blant anna Hurrungane, Gaupnefjorden, Gaupne, Molden, Vangsen, Hesten og Veitastrond.

Kategori:Fjell i Luster