Nils Hønsvald () var ein norsk pressemann og politikar fødd i Horten. Han representerte Arbeidarpartiet på Stortinget i 24 år. I ni av åra var han parlamentarisk leiar, dessutan statsråd 1948-50.
Liv og gjerning Hønsvald var son til ein gardsstyrar i Sem i Vestfold. Sjølv gjekk han skuleåret 1916/17 den kommunale handelsskulen i Sandefjord og var kontorist til 1919. Dei neste åtte åra var han avismann i fleire byar på Austlandet; Sandefjord, Larvik, Sarpsborg, Oslo og Hamar. Frå 1927 var han redaktør av Østfold Arbeiderblad. I 1929 fekk han jobben som redaktør av Sarpsborg Arbeiderblad, ei stilling han formelt hadde heilt fram til 1969. Under 2. verdskrigen var han aktiv i motstandsarbeidet, og redaktør for den illegale avisa Giv akt. Han vart arrestert og sat fengsla både i 1941 og frå desember 1944 til frigjeringa.
Frå hausten 1945 til 1969 representerte Hønsvald Arbeidarpartiet på Stortinget. I fyrste omgang var han med i Protokollkomiteen. Frå januar 1948 til september 1950 var han så forsyningsminister i Einar Gerhardsens andre regjering. Etter han steig ut av regjeringa var han medlem av Justiskomiteen resten av valperioden. I 1954-sesjonen var Hønsvald medlem av Utanrikskomiteen. Dei neste fire sesjonane var han atter medlem i Protokollkomiteen, dernest var han med i Administrasjonskomiteen ut 1960/61-sesjonen. Fireårsperioden 1961-65 sat han i Militærkomiteen, sidan var han formann i Militærkomiteen/Forsvarskomiteen den siste fireårsbolken han var stortingsrepresentant. Valbolken 1961-65 var han elles president i Lagtinget, og bolken 1965-69 president i Odelstinget.
Frå 1955 til 1964 var Hønsvald parlamentarisk leiar i Arbeidarpartiet. Det var i denne perioden omgrepet «Den Hønsvaldske parlamentarisme» oppstod. I samband med at det i 1959 vart reist mistillitsforslag mot Arbeidarparti-regjeringa etter våpenleveransar til Cuba, eit land i borgarkrig, kom Hønsvald med ein uttale som opposisjonen i Stortinget tolka som ei tilsidesetjing av Stortinget som maktorgan.
Hønsvald var styreformann i Rikstrygdeverket frå 1946 til 1969, og hadde mange offentlege maktposisjonar i åra etter andre verdskrigen.
Kjelder
Kategori:Statsrådar i Regjeringa Gerhardsen II Kategori:Ap-statsrådar Kategori:Stortingsrepresentantar 1945-1949 Kategori:Stortingsrepresentantar 1950-1953 Kategori:Stortingsrepresentantar 1954-1957 Kategori:Stortingsrepresentantar 1958-1961 Kategori:Stortingsrepresentantar 1961-1965 Kategori:Stortingsrepresentantar 1965-1969 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar for Østfold Kategori:Norske redaktørar Kategori:Medlemmar av Mot Dag Kategori:Norske motstandsfolk Kategori:Folk frå Tønsberg Kategori:Folk frå Sarpsborg