Joseph Leslie «Joe» Sample () var ein USA-amerikansk pianist, klaverspelar og komponist. Han var ein av dei opphavlege medlemmane i Jazz Crusaders, bandet som berre vart The Crusaders i 1971, og var med i gruppa fram til det siste albumet deira i 1991 (ikkje attsamlingsalbumet i 2003, Rural Renewal).
Frå 1970-åra hadde Sample ein suksessrik solokarriere og var gjesteartist på mange innspelingar for artistar som Miles Davis, George Benson, Jimmy Witherspoon, B.B. King, Eric Clapton, Steely Dan og the Supremes. Sample nytta element av jazz, gospel, blues, latin og klassisk musikk i musikken sin.
Biografi Han var ein av dei mange jazzmusikarane som starta med å spele hard bop, men som gjekk elektrisk under jazz-fusion-tida. Seint i 1950-åra var Sample med på å starte the Jazz Crusaders i lag med trombonist Wayne Henderson, tenorsaksofonisten Wilton Felder, og trommeslagaren Stix Hooper. The Crusaders vart kjend for den unike frontlinja med tenorsaksofon og trombone, og utan trompet. Sample var ein hardt-svingande musikar som kunne takle kordale og modale/skalare improvisasjonar like godt, og heldt seg til akustisk piano dei tidlege åra med the Crusaders. Sidan byta han til elektriske klaverinstrument, då bandet vendte seg mot jazzfunk tidleg i 1970-åra, og droppa «jazz» frå namnet sitt. Sjølv om han hadde spelt inn albumet Fancy Dance som ein triopianist i 1969, vert Rainbow Seeker frå 1978 ofte skildra som det første albumet hans som leiar. I motsetnad til den ru musikken som the Crusaders var kjendt for, bestod soloalbuma til Sample meir av lyrisk og introspektiv jazzpop.
I 2014 døydde Sample i Houston av mesoteliom, 75 år gammal.
Diskografi thumb|Joe Sample i Paris, 1978
Som leiar Tittel ÅrSelskapFancy Dance 1969 GazellThe Three 1976 Rainbow Seeker 1978 Blue ThumbCarmel 1979 Blue ThumbVoices in the Rain 1980 MCA JazzSwing Street Cafe (med David T. Walker) 1981 MCA JazzThe Hunter 1982 MCA JazzRoles 1983 MCA JazzOasis 1985 MCA JazzSpellbound 1989 Warner Bros.Ashes To Ashes 1990 Warner Bros.Invitation 1993 Warner Bros.Did You Feel That? 1994 Warner Bros. Old Places Old Faces 1996 Warner Bros. Sample This 1997 Warner Bros. The Song Lives On (med Lalah Hathaway) 1999 GRP The Pecan Tree 2002 Verve Soul Shadows 2004 Verve Creole Love Call (med Nils Landgren) 2006ACT music Feeling Good (med Randy Crawford & Steve Gadd) 2007 PRA No Regrets (med Randy Crawford & Steve Gadd) 2008 PRA Children Of The Sun (med NDR Bigband & Steve Gadd) 2012 PRA Live (med Randy Crawford, Steve Gadd & Nicolas Sample) 2012 PRA
Som sidemann Med Gene Ammons: Free Again (Prestige, 1971) Med Kenny Burrell 'Round Midnight (Fantasy, 1972) Med Michael Franks The Art of Tea (Reprise, 1975) Med Richard «Groove» Holmes Welcome Home (World Pacific, 1968) Med Milt Jackson Memphis Jackson (Impulse!, 1969) Med B. B. King og Eric Clapton: Riding with the King (utanom spor 3, 4 og 8) (Reprise, 2000)http://www.allmusic.com/album/riding-with-the-king-mw0000066846/credits Med Harold Land The Peace-Maker (Cadet, 1968) Med Carmen McRae Can't Hide Love (Blue Note, 1976) Med Blue Mitchell Blues' Blues (Mainstream, 1972) Graffiti Blues (Mainstream, 1973) Med Lalo Schifrin Enter the Dragon (soundtrack) (Warner Bros., 1973) Med Steely Dan Aja (ABC-MCA, 1977) Med Stanley Turrentine Everybody Come On Out (Fantasy, 1976)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Joe Sample» frå , den 22. april 2016. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Afroamerikanske musikarar Kategori:USA-amerikanske jazzpianistar Kategori:Smooth jazz-pianistar Kategori:Steely Dan-medlemmar Kategori:Døde av lungekreft Kategori:Folk frå Houston Kategori:Musikarar frå Texas