Mad Max Beyond Thunderdome: Original Motion Picture Soundtrack er eit filmmusikkalbum til filmen med same namn, med Mel Gibson og Tina Turner. Albumet vart gjeve ut i 1985 på Capitol Records og sidan fleire gonger på ny på forskjellige selskap.

Bakgrunn I tillegg til 26 minutt med original orkestermusikk komponert av Maurice Jarre og framført av Royal Philharmonic Orchestra, inneheld albumet Tina Turner-hitten «We Don't Need Another Hero (Thunderdome)», som vart spelt over rulleteksten av filmen. Singelen nådde andreplassen i USA og tredjeplassen i Storbritannia. Singelen vart gjeven ut eit år etter comebacket til Turner med Private Dancer og ei rekkje hitsinglar frå dette albumet. «We Don't Need Another Hero» vart skriven og produsert av Terry Britten og Graham Lyle (som òg skreiv «What's Love Got to Do with It») og finst på albumet både som ein lengre vokalversjon og ein lengre instrumental. Den vokale 7"-miksen har sidan kome ut på samlealbuma Simply The Best i 1991 og All the Best i 2004. Den alternative 7" instrumentale miksen er så langt ikkje blitt gjeve ut på CD. Songen vart nominert til ein Golden Globe for beste originale song i 1986 og ein nominasjon til Grammyprisen for beste kvinnelege popsong.

Den andre Tina Turner-songen på albumet, «One of the Living» (U.S. #15), var opningssongen i filmen, produsert av Mike Chapman og skriven av Holly Knight - teamet bak «Better Be Good To Me» - og tilskriven til bandet til Knight, Device både i rulleteksten til filmen og den originale vinylutgåva av albumet. Han vart gjeven ut som ein oppfølgjar til singelen «We Don't Need Another Hero», og vart òg miksa for både 7" og 12" vinylsinglar. Utanom 7"-miksen som finst på den tredoble The Platina Collection i 2009, er verken 7" Dub, 12" Special Remix, 12" Dub og 12" Instrumental, samprodusert og miksa av Steve Thompson og Michael Barbiero, gjeve ut på CD. Turner van Grammyprisen i 1985 for beste kvinnelege rockesong med «One of the Living» i 1985.

Innhald

† Framført av Royal Philharmonic Orchestra

Medverkande

Musikarar Tina Turner – vokal (spor 1-2) The Kings House School Choir – korvokal (spor 1, 3) Charlie Morgan – trommer, perkusjon (spor 1, 3) Nick Glennie-Smith – klaverinstrument (spor 1, 3) Graham Broad – perkusjonsinstrument (spor 1, 3) Tim Cappello – saksofon (spor 1, 3), saksofon solo (2) Terry Britten – gitar, bassgitar (spor 1, 3) Gene Black – korvokal, gitar (spor 2) Holly Knight – klaverinstrument, musikkprogrammering, korvokal (spor 2) Royal Philharmonic Orchestra – orkester (spor 4-6) Maurice Jarre – orkesterdirigent (spor 4-6) Barry Griffith – konsertmeister (spor 4-6) Charles McMahon – didgeridoo (spor 4-6) Cynthia Millar – ondes martenot (spor 4-6) Dominique Kim – ondes martenot (spor 4-6) Jeanne Loriod – ondes martenot (spor 4-6)

Produksjon Spor 1 og 3 spelt inn i Mayfair Studios i London. Spor 2 spelt inn i Cherokee Studios i Los Angeles. Terry Britten – plateprodusent (spor 1, 3) John Hudson – lydteknikar, lydmiksing (spor 1, 3) Mike Chapman – produsent (spor 2) Humberto Gatica – remix, medprodusent (spor 2) Maurice Jarre – produsent (spor 4-6) Christopher Palmer – assistent for Maurice Jarre (spor 4-6) Dick Lewzey – lydteknikar (spor 4-6) Tim Pennington – assisterande lydteknikar (spor 4-6)

Luksusutgåva

I 2010 kom ei luksusutgåve av albumet med all musikk Maurice Jarre laga for filmen."Mad Max Beyond Thunderdome - 2 CD Original Score by Maurice Jarre» BuySoundtrax.com. Henta 22. april 2016.

Plate 1:

Plate 2:

Lister og salstrofé

Vekeslister Liste (1985) PlasseringAustralia (Kent Music Report)31Canada (RPM)33Finland (Suomen virallinen lista)34US Billboard 20041US Top R&B/Hip-Hop Albums (Billboard)47

Årslister Liste (1985) PlasseringTyskland (Offizielle Top 100)58

Salstrofé

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Mad Max Beyond Thunderdome (soundtrack)» frå , den 22. april 2016. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Mad Max Kategori:Filmmusikkalbum frå 1985 Kategori:Capitol Records-album