Distriktet Páfos er eit distrikt i Republikken Kypros. Distriktet ligg på den vestlege delen av øya Kypros og har eit areal på 1 393 kvadratkilometer.

Folketal Utviklinga av folketalet i distriktet: År Folketal Kjelde 1901 35 205 1921 42 330 1931 43 769 1946 53 891 1960 58 147 1973 57 065 1976 46 633 1982 45 645 1992 52 572 2001 66 364 2011 88 266 2021 101 106

Administrasjon Distriktsadministrasjonen i byen Páfos representerer den kypriotiske staten i distriktet. Leiar for distriktsadministrasjonen (gresk έπαρχος, éparkhos) er frå 1. september 2015 Maíri Lámbrou, den første kvinna i jobben. Ho overtok etter Jannákis Mallorídis.

Kommunar og busetnader Distriktet har desse kommunane (innbyggjartal 2021 i parentes): Páfos (37 991) Jeroskípou (8 579) Péja (6 945) Póli (2 570)

Utanom kommunane har Páfos 121 registrerte busetnader. Dei største er (innbyggjartal 2021 i parentes):

Etter den tyrkiske invasjonen i 1974 flytta dei fleste tyrkisk-kypriotane til den nordlege delen av øya, som frå 1983 er administrert av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros. Eit tjuetals busetnader er heilt eller nesten heilt fråflytta.

Merknader

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Pafos