Hovgarda-Rev (norrønt: Hofgarða-Refr Gestrson) var ein islandsk skald som levde i byrjinga av 1000-talet.

I SkaldatalSkáldatal på norrønt, frå is.wikisource er han ført opp som skald hos kongane Olav den heilage og Magnus den gode, og hos hovdingane Hårek på Tjøtta og sonen hans, Einar Fluga. Fleire av dikta hans er sitert i SkaldskaparmålSkaldskaparmål frå heimskringla.no (norrøn tekst) og han er nemnd i Soga om Olav den Heilage.

Han kom frå ei gamal slekt på Snæfellsnes på Island. Mor hans var diktarkvinna SteinunnHo blir kalla Steinunn Refsdóttir eller Dálksdottir (Finnur Jónnsson) og faren var Gest på garden Hovgarda. Han vart oppfostra hos skalden Gissur Svarte (Gullbråskald), som han kalla sin læremeister i skaldekunsten. Truleg vart han fødd kort etter år 1000 og ein reknar med at han ikkje kom til Noreg før i 1030. Noko meir om livet hans er ikkje kjent.

Han skal ha gjort dikt om både Olav den Heilage, Magnus den gode og fleire andre, men ikkje noko, eller berre restar av desse dikta, er bevart.

Kjende dikt av Hovgarda-Rev: Dikt om TorsteinEit dikt om Torstein av Hovgarda-Rev (Skaldic Project). Det er uvisst kven denne Torstein var, men han kan ha vore sonen til Snorre gode. Dikt om Gissur Svarte (Gullbråskald)Dikt om Gissur Gullbråskald av Hovgarda-Rev (Skaldic Project) eit minnedikt om fosterfaren som fall i slaget ved Stiklestad. FerdaviseFerdavisur av Hovgarda-Rev (Skaldic Project) med særs vakre og stemningsfulle dikt som handlar om ei reise «vest frå» - truleg til Noreg. FragmentFragment av Hovgarda-Rev (Skaldic Project) - fem vers om ymse tema.

Eit av desse siste versa vitnar om hans karakter og livssyn: Sæll es hinn, es, hranna hádýra, vel, stýrir unir sínu.Lukkeleg han lever som er nøgd med sitt eige Den islandske filologen Finnur Jónsson omtalar dette diktet slik: «Disse ord er sikkert et udtryk for Refs hjærtens mening og måske et billede af hans eget liv; men de er tillige et slags indledningsord til det islandske freds- og rolighedstidsrum, der opstod ved og efter år 1030. De udtrykker på en interessant måde, at en ny tid, med ny slægt og nye tanker er ifærd med at bryde frem».

Referansar

Bakgrunnsstoff Den Norsk-Islandske Skjaldedigtning av Finnur Jónsson

Kategori:Islandske skaldar Kategori:Folk frå vikingtida Kategori:Islendingar frå norrøn tid Kategori:Folk i Skaldatal