Sargodha er ein by i Panjab i Pakistan. Han har kring 455 400 innbyggjarar (1998). Sargodha er den 11. største byen i Pakistan, og ein av dei som veks raskast.
Sargodha ligg om lag 20 mil nordvest for Lahore. Elva Jhelum renn vest og sør for Sargodha, medan Chenab renn aust for byen.
Staden har vore folkesett i lang tid, men den noverande byen blei grunnlagd av dei britiske kolonistyresmaktene i 1903. Han er ein av ein handfull planlagde byar i Pakistan.
Byen er eit samferdselsknutepunkt og ein handelsby i eit større jordbruksområde. Det finst også industri her med grunnlag i jordbruket, som handsaming av sukker, korn, olje og tekstilar.
Sargodha har eit universitet. skipa i 2002, og fleire høgskular. Det ligg ein militær flybase her, PAF Base Mushaf, som er den største i landet. Basen blei opphavleg skipa av britiske Royal Air Force på grunn av den strategiske plasseringa. Den sentrale luftkommandoen til det pakistanske luftforsvaret har hovudkvarter her. Basen har også skule for kamppilotar.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Sargodha» frå , den 5. mai 2016.
Kategori:Byar i Pakistan Kategori:Panjab i Pakistan Kategori:Skipingar i 1903