Bulgaria debuterte i Eurovision Song Contest i 2005 og har delteke fjorten gongar. Berre fem gongar har Bulgaria klart å kvalifisere seg til finalen, men til gjengjeld har tre av finaledeltakingane enda med topp fem-plasseringar. Den beste plasseringa til Bulgaria i Eurovision Song Contest, er andreplassen til Kristijan Kostov i 2017.
Historikk Det er den bulgarske kringkastaren Bălgarska natsionalna televizija (BNT) som har rettane til å sende Eurovision Song Contest i Bulgaria og har ansvaret med å velje det bulgarske bidraget til Eurovision Song Contest. Debuten kom i Kyiv i 2005 då jazzbandet Kaffe sang «Lorraine», men rauk ut i semifinalen det året.
Fyrst på det tredje forsøket, i 2007, klarte Bulgaria å kvalifisere seg til ein Eurovision-finale, då duoen Elitsa Todorova og Stojan Jankulov framførte songen «Water». Bidraget hamna til slutt på ein femteplass i finalen.
Deretter fulgte seks år utan ein einaste finaleplassering, sjølv om Bulgaria var nære på ved å kvalifisere seg til finalen i 2012. Bidraget «Love Unlimited» kom på delt tiandeplass med det norske bidraget «Stay», men Noreg og Tooji gjekk vidare til finalen sidan Noreg hadde fått poeng frå fleire land enn Bulgaria.
I 2014 og 2015 deltok ikkje Bulgaria i Eurovision Song Contest på grunn av økonomiske problem hos kringkastaren BNT. Bulgaria returnerte til Eurovision Song Contest i 2016 og fekk sin førebels beste plassering då Poli Genova song «If Love Was a Crime» inn til ein fjerdeplass. Året etter, i 2017, fekk Bulgaria sin hittil beste plassering i Eurovision Song Contest, då Kristijan Kostov og songen «Beautiful Mess» kom på andreplass, berre slått av Portugal.
Bidraga År Artist Song Språk Finalen Semifinalen Poeng Plass Poeng Plass 2005 Kaffe «Lorraine» Engelsk colspan="2" rowspan="2" 49 19 2006 Mariana Popova «Let Me Cry» Engelsk 36 17 2007 Elitsa Todorova og Stojan Jankulov «Water» Bulgarsk 157 5 146 6 2008 Deep Zone Project og DJ Balthazar «DJ, Take Me Away» Engelsk colspan="2" rowspan="6" 56 11 2009 Krassimir Avramov «Illusion» Engelsk 7 16 2010 Miro «Angel si ti» Bulgarsk og engelsk 19 15 2011 Poli Genova «Na inat» Bulgarsk 48 12 2012 Sofi Marinova «Love Unlimited» Bulgarsk1 45 11 2013 Elitsa Todorova og Stojan Jankoulov «Samo sjampioni» Bulgarsk 45 12 colspan="9" 2016 Poli Genova «If Love Was a Crime» Engelsk og bulgarsk 307 4 229 5 2017 Kristijan Kostov «Beautiful Mess» Engelsk 615 2 403 1 2018 Equinox «Bones» Engelsk 166 14 177 7 colspan="7" Victoria «Tears Getting Sober» Engelsk colspan="4" 2021 Victoria «Growing Up Is Getting Old» Engelsk 170 11 250 3 2022 Intelligent Music Project «Intention» Engelsk colspan="2" 29 16 colspan="9" 2026 «» Engelsk 1 Songen inneheld 11 språk: Arabisk, aserbajdsjansk, bulgarsk, engelsk, fransk, gresk, italiensk, romanés, serbokroatisk, spansk, og tyrkisk.
Røystehistorikk Finalane (2005–2021)
+ Bulgaria har gjeve flest poeng til # Land Poeng 1 102 2 70 3 61 4 56 5 55
+ Bulgaria har fått flest poeng frå # Land Poeng 1 62 2 61 3 59 4 55 5 52
Semifinalane (2005–2018)
+ Bulgaria har gjeve flest poeng til # Land Poeng 1 84 2 52 3 50 4 45 5 40
+ Bulgaria har fått flest poeng frå # Land Poeng 1 101 2 69 3 48 5 47
Galleri
Sjå òg Bulgaria i Junior Eurovision Song Contest
Referansar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Bulgaria i Eurovision Song Contest» frå , den 10. mars 2021.
Kategori:Land i Eurovision Song Contest Kategori:Eurovision Song Contest Kategori:Bulgarsk musikk