Gustav Vasa, eigentleg Gustav Eriksson (), var konge av Sverige frå 1523 fram til han døydde.

I 1520 var Gustav Vasa på flukt frå troppane til danskfødde Christian II, konge av Sverige og dei andre landa i Kalmarunionen. Ein stor del av dei svenske adelege var i opposisjon til kongen, som dei hadde gjeve tilnamnet Christian tyrannen. I eit forsøk på å stogge opposisjonen inviterte Christian det svenske aristokratiet til ein forsoningsfest i Stockholm, berre for å få dei, inkludert Gustav sine foreldre, massakrert i det som seinare har vorte kjent som det stockholmske blodbadet. Gustav flykta gjennom Dalarna i frykt for livet sitt. Der prøvde han å overbevise folk i Mora til å gjera opprør mot kongen, men lukkast ikkje. På ski drog han då vidare mot Noreg, fram til han vart teke att av to skiløparar i Sälen. Mennene i Mora hadde endra meining og ønskte at Gustav skulle leie opprøret. 6. juni 1523 vart Gustav Vasa vald til konge av Sverige, etter å ha slått danske kong Christian og oppløyst Kalmarunionen. Den 12. januar 1528 vart han krona i Uppsala domkyrkje.

Sjå òg Vasa Vasaloppet

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Svenske regentar