Eurovision Song Contest 2017 (ESC 2017), offisielt 62. Eurovision Song Contest, var den 62. utgåva av Eurovision Song Contest. Tevlinga vart arrangert i Kyiv internasjonale utstillingssenter i Ukraina, etter at Jamala vann med songen «1944» i 2016. Dette var andre gongen Ukraina arrangerte tevlinga; fyrste gongen var i 2005, også det i Kyiv. Tevlinga bestod av tre sendingar: ein semifinale tysdag 9. mai, ein semifinale torsdag 11. mai og finalen laurdag 13. mai 2017. Programleiarar for alle sendingane var Oleksandr Skitsjko, Volodymyr Ostaptsjuk og Timur Mirosjnytsjenko. 42 land deltok i tevlinga, like mange som året før. Romania og Portugal kom tilbake etter eitt års pause, mens Bosnia-Hercegovina, som deltok i 2016, trekte seg på grunn av økonomiske problem hos kringkastaren BHRT. Russland skulle også ha delteke, men trekte seg nokre veker før tevlinga då den russiske deltakaren, Julija Samojlova, vart nekta innreise til Ukraina.
Av deltakarlanda måtte 36 land gjennom éin av dei to semifinalane, og 20 av dei kvalifiserte seg til finalen laurdag 13. mai. I tillegg deltok vertslandet Ukraina og «dei fem store landa» i finalen, slik at totalt 26 land deltok i finalen. Vinnaren av Eurovision Song Contest 2017 vart Salvador Sobral frå Portugal med songen «Amar pelos dois». Vinnarsongen hadde portugisisk tekst og var skriven av systera til Sobral, Luísa Sobral. Dette var den fyrste sigeren til Portugal i Eurovision Song Contest. Det var også fyrste gongen ein ikkje-engelskspråkleg song vann tevlinga sidan 2007, då Marija Serifovic vann med songen «Molitva». Salvador Sobral fekk den høgaste poengsummen i Eurovision Song Contest til då, med 758 poeng. Bulgaria kom på andreplass med 615 poeng, følgd av Moldova med 374 poeng.
Det norske bidraget var songen «Grab the Moment», framført av JOWST og Aleksander Walmann. Den norske songen deltok i den andre semifinalen, der han enda på femteplass og dimed kvalifiserte seg til finalen. Til slutt enda Noreg på ein tiandeplass i finalen – den fjerde topp ti-plasseringa til Noreg sidan 2013. De tre sendingane vart sett av 182 millioner sjåarar verda over, ein nedgang på 22 millionar frå året før.
Bakgrunn Etter sigeren med «1944» og Jamala i 2016, var det Ukraina og den ukrainske ålmennkringkastaren UA:PBC som var arrangører for tevlinga. Dette var andre gongen Ukraina hadde arrangørjobben; fyrste gongen var i Sportspalasset i Kyiv i 2005. Denne gangen vart hovudstaden Kyiv vald som vertsby, etter ein lengre søknadsprosess. Tevlinga vart lagd den største arenaen i Kyiv, Kyiv internasjonale utstillingssenter, med plass til rundt tilskodarar.
Søknadsprosess Vertsbyen og arenaen vart valde etter ein omfattande søknadsprosess som starta like etter Ukrainas siger i 2016. Allereie 18. mai 2016 kunngjorde den ukrainske ålmennkringkastaren UA:PBC at det fyrste offisielle planleggingsmøtet med EBU skulle haldast 8. juni. Ein avgjerd på kvar tevlinga skulle finne stad, skulle avgjerast etter sommaren. Saman med den ukrainske regjeringa lanserte UA:PBC 23. juni ein offisiell søknadsprosess der interesserte byar kunne søkje om å bli vertsby. Ein finaleliste på tre byar skulle vere klar i siste halvdel av juli, og like etter skulle EBU og den ukrainske organisasjonskomiteen besøke finalebyane og vurdere infrastruktur og arena. EBU hadde fleire krav, blant anna måtte arenaen ha plass til minst , og helst minst , tilskodarar. I tillegg måtte det vere eit pressesenter med plassar, og vertsbyen måtte ha minst hotellrom i alle prisklassar og av generell europeisk standard. Byen måtte også garantere for sikkerheita til dei besøkjande og ha moderne infrastruktur som blant anna ein internasjonal flyplass. I tillegg måtte arrangørbyen tilby sosiale aktivitetar og konsertar for lokalbefolkninga og dei besøkjande.
Seks byar sende inn anbod innan fristen 8. juli: Dnipro, Kharkiv, Kherson, Kyiv, Lviv og Odesa. I tillegg hadde byar som Tsjerkasy, Irpin, Uzjhorod og Vinnytsia tidlegere vist interesse, men valde til slutt ikkje å søkje om å bli vertsby. Dei seks kandidatbyane vart offisielt presenterte 20. juli i eit to timar langt debattprogram på ålmennkanalrn i landet, UA:Første. Programleiar var , som sjølv skulle leie tevlinga i 2017. Under programmet presenterte kvar av dei seks byane søknadane sine for sjårane.
Valet av vertsby To dagar seinare, 22. juli, hadde UA:PBC skore dei seks kandidatbyane ned til tre: Dnipro, Kyiv og Odesa. Det endelege valet skulle opprinneleg ha vorte kunngjort 1. august, men EBU varsla at valge ville bli utsett. Sjefen for tevlinga Jon Ola Sand uttala at EBU «verkelig ønska å ta seg tid til å ta ei riktig avgjerd». Etter fleire utsetjingar vart vertsbyen offentleggjord under ein pressekonferanse 9. september 2016. Valet fall på hovudstaden Kyiv og arenaen Kyiv internasjonale utstillingssenter.
Deltakarar Striden om Russlands artistvalg miniatyr|Julija Samojlova vart nekta innreise til Ukraina. 12. mars 2017 offentleggjorde den russiske kringkastaren Pervyj kanal at artisten Julija Samojlova skulle representere Russland i Eurovision Song Contest 2017 med songen «Flame Is Burning». Samojlova var blant finalistane i russiske X Factor i 2013. Ho er kraftig lamma og sit i rullestol på grunn av den arvelege nevrologiske sjukdomen spinal muskelatrofi.
Kort tid etter kunngjeringa ila den ukrainske sikkerheitstenesta SBU Julija Samojlova eit tre-årig innreiseforbod til Ukraina. Årsaka var at Samojlova hadde halde konsert på Krim i 2015, og SBU meinte at Samojlova hadde teke seg ulovleg inn på ukrainsk territorium. EBU foreslo fleire løysingar, blant anna at Samojlova kunne syngje direkte via satellittoverføring. Russisk fjernsyn avviste forslaga og valde til slutt å trekkje seg. Kanalen opplyste at han heller ikkje ville overføre sendingane frå Kyiv. EBU stadfesta 13. april 2017 at Russland hadde trekt seg frå Eurovision Song Contest 2017.
Attendevendande artistar Den nederlandske systertrioen O'G3NE deltok med låten «». Trioen hadde tidlegare representert Nederland i Junior Eurovision Song Contest 2007. Dei vart nummer elleve i finalen.
, som representerte Slovenia i Eurovision Song Contest 2005 i Kyiv, deltok igjen med sangen «». Slik som i 2005 kvalifiserte han seg ikkje til finalen.
, som representerte Moldova i Eurovision Song Contest 2010 på Fornebu, deltok med spngen «». Dei kom på tredjeplass, den beste plasseringa til Moldova til då.
Koit Toome, som representerte Estland i Eurovision Song Contest 1998 i Birmingham, deltok med songen «» sammen med . Põldvere hadde tidlegere delteke i Eurovision Song Contest i 2005 som ein del av gruppa . Duoen kvalifiserte seg ikkje til finalen.
Valentina Monetta, som representerte San Marino i 2012, 2013 og 2014, deltok for fjerde gong. Denne gongen deltok ho saman med og songen «». San Marino kvalifiserte seg ikkje til finalen.
Semifinalane Semifinale 1 Atten land deltok i den fyrste semifinalen 9. mai. Italia, Spania og Storbritannia kringkasta og røysta i denne semifinalen. # Land Artist Song Språk Omsetjing Poeng Plass01 Robin Bengtsson «I Can't Go On» Engelsk Eg kan ikkje gå vidare227302 Tamara Gatsjetsjiladse «Keep the Faith» Engelsk Hald motet99 1103 Isaiah Firebrace«Don't Come Easy» Engelsk Kjem ikkje lett160 604 Lindita «World» Engelsk Verda76 1405 Blanche «City Lights» Engelsk Byljos165 406 Slavko Kalezić «Space» Engelsk Verdsrom56 1607 Norma John «Blackbird» Engelsk Svarttrast92 1208 Dihaj «Skeletons» Engelsk Skjelett150 809 Salvador Sobral «Amar pelos dois» Portugisisk Kjærleik for to370110 Demy «This Is Love» Engelsk Dette er kjærleik115 1011 Kasia Moś «Flashlight» Engelsk Lommelykt119 912 SunStroke Project «Hey, Mamma!» Engelsk Hei, mamma!291 213 Svala «Paper» Engelsk Papir60 1514 Martina Bárta «My Turn» Engelsk Min tur83 13 15 Hovig «Gravity» Engelsk Tyngdekraft164 516 Artsvik «Fly With Me» Engelsk Fly med meg152 7 17 Omar Naber «On My Way» Engelsk På min veg36 1718 Triana Park «Line» Engelsk Linje21 18
Semifinale 2 Atten land deltok i den andre semifinalen 11. mai. Sveits fekk tildelt plass i denne semifinalen etter ynskje frå den sveitsiske kringkastaren. Frankrike, Tyskland og Ukraina måtte kringkaste og røyste i denne semifinalen. Russland var opphavleg trekt til å delta i den andre semifinalen, der dei skulle opptre med startnummer tre. 13. april 2017 stadfesta den russiske kringkastaren at dei ikkje ville sende tevlinga på fjernsyn, og fekk dimed ikkje deltake. Russland ville ikkje sende tevlinga av di artisten Julija Samojlova fekk innreiseforbod av den ukrainske tryggingstenesta SBU grunna brot på innreiselova til Krim i 2015.
# Land Artist Song Språk Omsetjing Poeng Plass01 Tijana Bogićević «In Too Deep» Engelsk For djupt inne98 1102 Nathan Trent «Running On Air» Engelsk Løpar på luft147 7 03 Jana Burčeska «Dance Alone» Engelsk Dansar åleine69 1504 Claudia Faniello «Breathlessly» Engelsk Andpustent55 1605 Ilinca feat. Alex Florea «Yodel It!» Engelsk Jodle det!174 606 O'G3NE «Lights and Shadows» Engelsk Ljos og skuggar200 407 Joci Pápai «Origo» Ungarsk, romanés og latin −231 208 Anja Nissen «Where I Am» Engelsk Kvar eg er101 10 09 Brennan Murray «Dying to Try» Engelsk Døyr etter å prøve86 13 10 Valentina Monetta og Jimmie Wilson «Spirit of the Night» Engelsk Nattas and1 1811 Jacques Houdek «My Friend» Engelsk og Italiensk Min ven141 812 JOWST og Aleksander Walmann «Grab the Moment» Engelsk Grip augeblikket189513 Timebelle «Apollo» Engelsk −97 1214 Naviband «Historyja majho zjytstsia» Kviterussisk Forteljinga om mitt liv 110 915 Kristijan Kostov «Beautiful Mess» Engelsk Vakker røre403 116 Fusedmarc «Rain of Revolution» Engelsk Regn av revolusjon42 1717 Koit Toome og Laura «Verona» Engelsk –85 1418 Imri Ziv «I Feel Alive» Engelsk Eg følar meg levande207 3
Finalen # Land Artist Song Språk Omsetjing Poeng Plass01 Imri Ziv «I Feel Alive» Engelsk Eg følar meg levande3923 02 Kasia Moś «Flashlight» Engelsk Lommelykt64 2203 Naviband «Historyja majho zjytstsia» Kviterussisk Forteljinga om mitt liv83 1704 Nathan Trent «Running On Air» Engelsk Løpar på luft9316 05 Artsvik «Fly With Me» Engelsk Fly med meg79 18 06 O’G3NE «Lights and Shadows» Engelsk Ljos og skuggar 150 1107 SunStroke Project «Hey, Mamma!» Engelsk Hei, mamma!374 308 Joci Pápai «Origo» Ungarsk, romanés og latin —200 809 Francesco Gabbani «Occidentali's Karma» Italiensk, gammalgresk, engelsk og sanskrit Vestleg karma334 610 Anja Nissen «Where I Am» Engelsk Kvar eg er77 2011 Salvador Sobral «Amar pelos dois» Portugisisk Kjærleik for to758112 Dihaj «Skeletons» Engelsk Skjelett120 1413 Jacques Houdek «My Friend» Engelsk og italiensk Min ven128 1314 Isaiah Firebrace«Don't Come Easy» Engelsk Kjem ikkje lett173 915 Demy «This Is Love» Engelsk Dette er kjærleik77 1916 Manel Navarro «Do It For Your Lover» Spansk og engelsk Gjer det for din elskande5 2617 JOWST og Aleksander Walmann «Grab the Moment» Engelsk Grip augeblikket1581018 Lucie Jones «Never Give Up On You» Engelsk Gjev deg aldri opp111 1519 Hovig «Gravity» Engelsk Tyngdekraft68 2120 Ilinca feat. Alex Florea «Yodel It!» Engelsk Jodle det!282 721 Levina «Perfect Life» Engelsk Perfekt liv6 25 22 O.Torvald «Time» Engelsk Tid36 2423 Blanche «City Lights» Engelsk Byljos363 424 Robin Bengtsson «I Can't Go On» Engelsk Eg kan ikkje gå vidare344 525 Kristijan Kostov «Beautiful Mess» Engelsk Vakker røre615 226 Alma «Requiem» Fransk og engelsk Rekviem135 12
Røystegjeving Semifinale 1 Semifinale 1PlassSjåaranePoengJuryanePoeng1197173218013931251244103111510387669877658186362954611051611139501238411337401431381521291620171720161821