Barry White () var ein USA-amerikansk songar og låtskrivar.
Han var kjend for den særeigne bass-baryton-røysta og det romantiske imaget og vann tre Grammy-prisar gjennom karrieren. Størst suksess hadde White i 1970-åra som soloartist og med Love Unlimited Orchestra, der han spelte inn fleire soul-, funk- og disco-låtar som dei to største hittane hans, «You're the First, the Last, My Everything» og «Can't Get Enough of Your Love, Babe».
I løpet av karrieren sin fekk White i alt 106 gullplate verda over, 41 av desse med status som platina. I tillegg hadde han 20 gull- og 10 platinasinglar, og totalt selde han over 100 millionar plater verda over, og er ein av dei mestseljande artistane gjennom tidene.
White var overvektig det meste av livet og sleit med helseproblem knytt til vekta si. Han døydde i 4. juli 2003 av nyresvikt som følgje av diabetes og høgt blodtrykk. Han vart posthumt innlemma i Dance Music Hall of Fame.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Barry White» frå , den 16. mai 2016. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Afroamerikanske plateprodusentar Kategori:Afroamerikanske songarar Kategori:USA-amerikanske bandleiarar Kategori:USA-amerikanske dansemusikarar Kategori:USA-amerikanske rhythm and blues-songarar Kategori:USA-amerikanske soulsongarar Kategori:USA-amerikanske låtskrivarar Kategori:Døde av nyresvikt Kategori:Grammy-vinnarar Kategori:Musikarar frå California Kategori:Folk frå Galveston i Texas