«Whatever You Need» er ein song av Tina Turner. Han vart skriven av Russ Courtenay og Harriet Roberts og gjeven ut som den andre singelen frå albumet Twenty Four Seven i 2000.
Sjølv om han selde dårlegare enn den førre singelen, «When the Heartache Is Over,» nådde songen 11. plassen i Finland og 27. plassen på UK Singles Chart. CD-singlane inneheld konsertopptak av somme av dei største hittane til Turner frå konserten i høve 60-årsdagen hennar i London i november 1999, som «The Best», «River Deep - Mountain High», «What's Love Got to Do with It» og «Steamy Windows», alle seinare gjevne ut på DVDen Celebrate! - 60th Birthday Special.
Musikkvideoen til songen var regissert av Jake Nava, og syner Turner som går gjennom ein tunnel i skinnjakke og jeans og sit på nokre trapper og syng, medan nokre tenåringar stoppar det dei held på med, sit seg ned med ho og syng med.
Innhald og format Europeisk CD-singel «Whatever You Need" «River Deep – Mountain High» (konsertopptak i London '99)
Europeisk kassettsingel «Whatever You Need» – 4:48 «The Best» (konsertopptak i London '99) – 5:21 «River Deep – Mountain High» (konsertopptak i London '99) – 4:13
Europeisk CD maxi-singel «Whatever You Need» – 4:48 «The Best» (konsertopptak i London '99) – 5:21 «River Deep – Mountain High» (konsertopptak i London '99) – 4:13 «Whatever You Need» (Enhanced Video) – 4:48
Europeisk CD maxi-singel «Whatever You Need» (konsertopptak i London '99) – 4:56 «What's Love Got to Do with It» (konsertopptak i London '99) – 3:43 «Steamy Windows» (konsertopptak i London '99) – 3:17
US CD promosingel «Whatever You Need» (Edit) – 4:20 Call Out Hook – 0:15
Lister Liste (2000) Plasseringscope="row" scope="row" Tyskland (GfK Entertainment) 82scope="row" scope="row" scope="row"
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Whatever You Need» frå , den 17. mai 2016.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Tina Turner-songar Kategori:Singlar frå 2000 Kategori:Musikkvideoar regisserte av Jake Nava Kategori:Songar frå 1999 Kategori:Parlophone-singlar