Habala (arabisk حبلة) er ein liten fjellandsby i 'Asir-regionen i Saudi-Arabia. Han var opphavleg busett av eit stammesamfunn som vart kalla «blomstermennene», fordi dei ofte hadde kransar av tørka urter og blomar i håret. Tidlegare var tilkomsten til landsbyen berre via ein taustige, og namnet Habala kjem faktisk frå det arabiske ordet for tau.

mini|Habaladalen nær Abha.

I 1990-åra vart det bygd ei kabelvogn til den tradisjonelle landsbyen, for å fremje turisme i regionen. Som følgje av dette måtte dei lokale «blomstermennene» flytte frå heimane sine og inn i ein moderne landsby som vart bygd for dei i dalen nedanfor. Då dei nekta å flytte, vart dei evakuerte med tvang av den saudiarabiske nasjonalgarden. I dag får somme av dei opphavlege innbyggjarane lov å dra attende til landsbyen, men berre for å framføre ein tradisjonell dans for turistar om sommaren.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Habala» frå , den 22. mai 2016. oppgav desse kjeldene: John R. Bradley. Saudi-Arabia Exposed: Inside a Kingdom in Crisis, Palgrave Macmillan, 2005, pp. 60–61. ISBN 1-4039-6433-5

Kategori:Busetnader i 'Asir-provinsen