Svend Larsson Skårdal () var ein norsk gardbrukar, slaktar og politikar frå Ålen i Sør-Trøndelag. Han representerte Arbeidarpartiet på Stortinget i fire treårs-periodar.

Skårdal var gardbrukar i Ålen og i tillegg bygdeslaktar. Han var medlem i Ålen heradsstyre frå 1893, ordførar i åra 1908-1916. Ved stortingsvalet hausten 1915 vart han vald til stortingsrepresentant frå einmannskrinsen Gauldalen. På Tinget var han i perioden 1916-18 medlem i Skog- og vassdragskomiteen. I 1918 lukkast han ikkje å verte attvald. Derimot kom han inn att på Stortinget då einmansskrinsane i 1921 var erstatta med fylkesvise landkrinsar. Så frå 1922 til 1930 hadde han fast plass på Stortinget. I alle desse åra var han med i Landbrukskomiteen; sekretær 1922-27 og nestformann 1928-30.

Skårdal var i mange år styremedlem i Norsk Arbeidsmandsforbund.

Kjelder Stortingsbiografi

Kategori:Stortingsrepresentantar 1916-1918 Kategori:Stortingsrepresentantar 1922-1924 Kategori:Stortingsrepresentantar 1925-1927 Kategori:Stortingsrepresentantar 1928-1930 Kategori:Folk frå Holtålen