Alfa Ursae Majoris (Alfa UMa, α Ursae Majoris, α UMa) er den nest mest lyssterke stjerna i stjernebiletet Storebjørn (trass i Bayer-nemninga «alfa»). Han har det tradisjonelle namnet Dubhe, og eit sjeldnare namn Ak.
Stjerna dannar ein del av Karlsvogna og er den nordlegaste av «peikestjernene» som peiker mot Polaris, nordstjerna. Dubhe ligg kring 123 lysår unna og er ei kjempestjerne som har utvikla seg bort frå hovudserien etter å ha brukt om hydrogenet i kjernen. Ho er ei spektroskopisk binærstjerne med ei hovudseriestjerne α UMa B som har stjerneklassifiseringa K0V. Følgjestjerna har eit krinslaup som ligg kring 23 astronomiske einingar (AU) og gjer eit krinslaup i løpet av 44,4 år. Meir enn 8 000 AU frå desse to, ligg eit anna binært system med ei klasse F-stjerne, slik at denne stjerna er eit stjernesystem på fire stjerner.
Sjølv om han høyrer til stjernebiletet Storebjørn, er han ikkje ein del av Storebjørn-gruppa av stjerner som flyttar seg i same rørsle gjennom rommet.
frame|none|Dubhe "A" og den lyssvake følgjestjerna.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Dubhe» frå , den 23. mai 2016.
Ursae Majoris, Alfa Kategori:Binærstjerner Kategori:Kjemper klasse K Kategori:Triple stjernesystem Kategori:Storebjørn Kategori:hovudseriestjerne klasse F Kategori:Stjerner med eigennamn