Jazan (arabisk جازان, Jazān), òg skrive Jizan, Gizan eller Gazan, er ein hamneby og administrasjonssenter i Jizan-regionen, som ligg heilt sørvest i Saudi-Arabia, like nord for grensa til Jemen. Jazan ligg ved kysten av Raudehavet og tener eit stort jordbruksområde med kring 1,5 millionar innbyggjarar, i følgje ei folketeljing i 2010. Området er kjent for tropiske frukter av høg kvalitet, som mango, fiken og papaya.
Det vert gjort Jazan utbyggingar innan infrastruktur i området for mange milliardar dollar, mellom anna av eit raffineri og tilhøyrande terminal ved Raudehavet nær Jazan. Det heile er venta å stå ferdig seint i 2016.
Etnografi Innbyggjarane i Jazan er arabarar og nesten berre sunnimuslimar.
Økonomi Tidleg på 1900-talet var Jazan ein viktig stad for perlefiske. Då fyrste verdskrigen byrja, vart handelen forflytta over frå Jazan til Al Hudaydah.
I dag er det sett i gang enorme, ambisøse prosjekt innan samferdsle, fornybar energi, turisme og jordbruk i området kring Jazan. Jazan økonomiby er nyleg utvikla for 27 milliardar dollar, i tillegg til bygginga av Jazan aluminiumsverk for 3,5 milliardar dollar.
Klima Jazan har eit varmt ørkenklima (Köppen: BWh) med ein årsmiddeltemperatur på 30 °C. Vêret varierer frå ekstremt varmt i dei langre somrane til varmt i dei korte vintrane.
Den høgaste temperaturen som er målt er 49 °C den 10. juli 2002, medan den lågaste er 9 °C on 28. februar 1984.
Sjå òg Jazan økonomiby
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Jizan» frå , den 25. mai 2016. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Offisiell nettstad
Kategori:Busetnader i Jizan-regionen Kategori:Hamnebyar i Saudi-Arabia Kategori:Kystbusetnader i Saudi-Arabia Kategori:Provinshovudstader i Saudi-Arabia Kategori:Hamnebyar ved Raudehavet