Doha (arabisk الدوحة, ad-Dawḥa eller ad-Dōḥa) er hovudstad og den mest folkerike byen i Qatar. Doha har kring 900 000 innbyggjarar i sjølve byen. Byen ligg på kysten av Persiabukta, aust i landet og er den raskast veksande byen i Qatar. Over 60 % av innbyggjarane i landet bur i Doha eller forstadane kring byen, og er det økonomiske senteret i landet. Han utgjer ein av kommunane i Qatar.

Doha vart grunnlagd i 1820-åra som ein avstikkar av Al Bidda. Han vart offisielt erklært hovudstaden i landet i 1971, då Qatar fekk sjølvstendet sitt. Som den kommersielle hovudstaden i Qatar og ein av dei store finanssentera i Midtausten, vert Doha rekna som ein verdsby av Globalization and World Cities Research Network. Education City, eit område tileigna forsking og utdanning, ligg i Doha.

Byen har vore vertsby for mange idrettsarrangement, som Asialeikane i 2006, Dei panarabiske leikane i 2011 og dei fleste kampane i Asiacupen i 2011. I desember 2011 heldt World Petroleum Council det 20. konferansen sin i Doha. I tillegg skal byen ha fleire kampar under fotball-VM i 2022.

Namn Namnet «Doha» kan ha kome frå det arabiske Ad-Dawḥa, «det store treet». Dette kan vise til eit markant tre som stod på staden der den opphavlege fiskelandsbyen låg, på austkysten av Qatarhalvøya. Alternativt kan det kome frå «dohat» — arabisk for bukt - og syne til Dohabukta kring cornichen.

Historie mini|Satellittbilete av Doha.

Grunnlegginga av Al Bidda Doha vart grunnlagd då staden vart skild frå ein annan lokal busetnad kalla Al Bidda. Dei tidlegaste skriftlege kjeldene med Al Bidda er frå 1681, av Karmelittarklosteret, i eit dokument som omhandlar fleire busetjingar i Qatar. I dokumentet vert det nemnt ein herskar og eit fort i Al Bidda. Carsten Niebuhr, ein europeisk reisande som vitja Den arabiske halvøya, laga eit av dei første karta som viste busetjinga i 1765, der han vart kalla 'Guttur'.

David Seaton, ein britisk politisk innbyggjar i Flugat, skreiv den første engelskspråklege kjelda om Al Bidda i 1801. Han kalla byen 'Bedih' og skildra geografien og forsvarsverka i området. Han skreiv at byen nyleg hadde vorte busett av den sudanske stamma Al-Suwaidi, som han rekna som sjørøvarar. Seaton prøvde å bombardere byen med krigsskipet sitt, men vendte attende til Flugat då han fann ut at farvatnet var for grunt til at krigsskipet hans kunne kome nærare.

I 1820 vitja den britiske landmålaren R.H. Colebrook Al Bidda, og skreiv at byen nyleg var vorte avfolka. Han skreiv:H. Rahman (2006), s. 36.

Same året vart ein maritim avtale signert mellom Det britiske austindiske kompaniet og sjeikane i fleire busetjingar i Persiabukta (og somme av desse vart seinare kjend som Traktatkysten). Avtalen anerkjende britisk styre i Persiabukta og prøvde å få ein slutt på sjørøververksemda og slavehandelen. Bahrain vat ein del av avtalen, og ein trur at Qatar, som av britane vart rekna som ein koloni under Bahrain, var ein del av avtalen.Toth, Anthony. «Qatar: Historical Background.» A Country Study: Qatar (Helen Chapin Metz, editor). Library of Congress Federal Research Division (January 1993). Denne artikkelen inneheld tekst frå denne kjelda, som er i offentleg eige. Qatar vart derimot ikkje beden om å heise Traktatflagget. Som straff for at innbyggjarane i Al Bidda vart skulda for å ha delteke i sjørøververksemd, bombarderte eit fartøy frå Det britiske austindiske kompaniet byen i 1821. Dei raserte byen og tvang mellom 300 og 400 innbyggjarar på flykt, og dei måtte for ei stund søke ly på øyane mellom Qatar og Traktatkysten.

Danninga av Doha Doha vart grunnlagd nær Al Bidda ein gong i 1820-åra. I januar 1823 vitja den politiske innbyggjarane John MacLeod Al Bidda for å møte herskaren og grunnleggjaren av Doha, Buhur bin Jubrun, som òg var høvding i Al-Buainain-stamma.H. Rahman (2006), s. 63. MacLeod skreiv at Al Bidda var den einaste større kjøpstaden på halvøya på den tida. Etter Doha vart grunnlagd, blanda dei skriftlege kjeldene ofte Al Bidda og Doha, sidan dei låg så nære kvarandre. Seinare et året kartla og skildra løytnant Guy og løytnant Brucks dei to busetjingane. Trass i at dei vart kartlagd som to forskjellige busetjingar, vart dei begge kalla Al Bidda i dokumenta.

I 1828 var Muhammed bin Khamis, eit viktig medlem av Al-Buainain-stamma og etterkomaren til Buhur bin Jubrun som høvding i Al Bidda, innvikla i kontroversar. Han hadde myrda ein mann frå Bahrain, og Al Khalifa-sjeiken sette han i fengsel. Som svar gjorde Al-Buainain-stamma opprør, slik at Al Khalifa øydela fortet til stamma og dreiv dei bort til Fuwayrit og Ar Ru'ays. Denne hendinga let Al Khalifa få styre over byen. Sidan Al Bidda og Doha i røynda ikkje hadde ein leiar, vart staden ein tilfluktsstad for sjørøvarar og lovlause.

I november 1839 søkte ein lovlaus frå Abu Dhabi kalla Ghuleta tilflukt i Al Bidda, og dette skapte eit kraftig reaksjon hos britane. A.H. Nott, ein britisk marinekaptein, kravde at Salemin bin Nasir Al-Suwaidi, høvdingen for Sudan-stamma i Al Bidda, tok Ghuleta til fange og åtvara han om konsekvensane om han ikkje følgde kravet. Al-Suwaidi gjorde som britane bad om i februar 1840 og arresterte òg sjørøvaren Jasim bin Jabir og kompanjongane hans. Trass i at dei gjorde som dei fekk beskjed om, gav britane dei ei bot på 300 tyske kroner som kompensasjon for skadane som sjørøvarane hadde gjort ved kysten av Al Bidda. I februar 1841 kom ein britisk marineskvadron til Al Bidda og gav Al-Suwaidi ordre om å oppfylle det britiske kravet, og truga med at det kom til å få konsekvensar om han avslo. Al-Suwaidi avslo til slutt fordi han meinte han ikkje var involvert i handlingane til bin Jabir. Den 26. februar lausna britane eld mot Al Bidda, og råka eit fort og fleire hus. Al-Suwaidi betalte så bota etter britane truga med ytterlegare handlingar.H. Rahman (2006), s. 90–92.

Isa bin Tarif, ein mektig stammehøvding frå Al Bin Ali-stamma, flytta til Doha i mai 1843. Han kasta så ut den regjerande Sudan-stamma og sette inn stammene Al-Maadeed og Al-Kuwari i maktstillingane. Bin Tarif hadde vore lojale til Al Khalifa, men kort tid etter at det vart sett inn ein ny herskar i Bahrain, vart bin Tarif stadig meir mistenksam mot dei regjerande Al Khalifa og byta truskap til den avsette herskaren i Bahrain, Abdullah bin Khalifa, som han tidlegare hadde vore med på å styrte. Bin Tarif døydde i slaget ved Fuwayrit mot den regjerande familien i Bahrain i 1847.

Al Thani Al Thani flytta til Doha frå Fuwayrit kort tid etter Bin Tarif døydde i 1847, leia av Muhammed bin Thani. Dei neste åra tok Al Thani kontroll over byen. Til forskjellige tider byta dei truskap mellom dei to rådande maktene i området: Al Khalifa og saudiarabarane.

I 1867 vart det sendt mange skip og soldatar frå Bahrain for å angripe byane Al Wakrah og Doha etter ei rekkje stridar. Abu Dhabi slo seg saman med Bahrain fordi dei meinte Al Wakrah var tilfluktsstad for flyktningar frå Oman. Seinare på året plyndra desse styrkane dei to qatarske byane med 2 000 mann i det som seinare er vorte kalla den qatarsk-bahrainske krigen. Britiske dokument sa seinare: «at byane Doha og Wakrah vart, mot slutten av 1867, mellombels utsletta, husa rivne ned og innbyggjarane deporterte»".

mini|Doha i januar 1904. Det samla åtaket frå Bahrain og Abu Dhabi og påfølgjande motåtak frå Qatar fekk den britiske politiske agenten, oberst Lewis Pelly, til å tvinge fram ein fredsavtale i 1868. Oppdraget til Pelly til Bahrain og Qatar og fredsavtalen som følgde, vert rekna som milepålar i den qatarske historia. Dette anerkjende implisitt at Qatar var fråskild Bahrain og eksplisitt stillinga til Muhammed bin Thani som ein viktig representant for stammene på halvøya.H. Rahman (2006), s. 123.

Kort tid etter krigen, tok osmanarane nominell kontroll over landet, og bygde ein base i Doha, etter samtykke frå Jassim Al Thani som ønskte å forsterke kontrollen sin over området. Før dette var Dohan ein skanse for beduinsoldatar som motsette seg det osmanske styret.H. Rahman (2006), s. 138–139. I desember 1871 gav Jassim Al Thani osmanarane løyve til å sende 100 soldatar og utstyr til Al Bidda.H. Rahman (2006), s. 140.

mini|Doha i 1908Usemje om skattar og innblanding i interne saker førte til slutt til slaget ved Al Wajbah i mars 1893. Al Bidda fort var den siste staden dei osmanske soldatane trekte seg attende til. Medan dei var i garnison i fortet, avfyrte korvetten deira eld mot byen, og tok livet av fleire sivile. Osmanarane måtte til slutt overgje seg etter soldatane til Jassim Al Thani stoppa vassforsyninga til byen.H. Rahman (2006), s. 152. Ein osmansk rapport som kom same året sa at Al Bidda og Doha i lag hadde kring 6 000 innbyggjarar, og kalla begge byane for 'Katar'. Doha vart klassifisert som den austlege delen av Katar. Osmanarane heldt ei passiv rolle i qatarsk politikk frå 1890-åra og frametter, før dei mista kontrollen over området under den første verdskrigen.

1900-talet Perledykking vart ein viktig industri i Doha på 1900-talet. Folketalet auka til kring 12 000 innbyggjarar på første halvdel av 1900-talet på grunn av den blømande perlehandelen. Ein britisk, politisk innbyggjar skreiv at om perlesalet skulle svikte, så kom Qatar «i røynda til å forsvinne». I 1907 hadde byen 350 perlebåtar med eit samla mannskap på 6300 mann. På denne tida hadde snittprisen på perler meir enn dobla segg sidan 1877. Perlemarknaden kollapsa det året, og tvang Jassim Al Thani til å selje perleinnhaustinga det året for halv verdi. Etterverknaden av kollapsen førte til at den første tollbua i landet vart oppretta i Doha.mini|Ein gammal bydel i Doha.I april 1913 gjekk osmanarane med på britane sitt krav om å trekkje attende alle soldatane sine frå Qatar. I august 1915 vart det osmanske fortet i Al Bidda evakuert kort tid etter starten av den første verdskrigen.M. Althani (2013), p, 134. Eit år seinare gjekk Qatar med på å verta eit britisk proktektorat med Doha som den offisielle hovudstaden.H. Rahman (2006), s. 291.

Bygningane på denne tida var enkle bustader med eitt eller to rom, bygde av leire, stein og korall. Oljekonsesjonar i 1920- og 1930-ra, og den første oljeboringa i 1939, var starten på ein langsam økonomisk og samfunnsmessig utvikling i landet. Men inntektene gjekk noko ned fordi perlehandelen i bukta forsvann då kulturperlene vart funnen opp og på grunn av den store depresjonen. Kollapsen til perlehandelen førte til eit kraftig fall i folketalet gjennom heile landet. Det var ikkje før i 1950- og 1960-åra at landet igjen fekk store inntekter, denne gongen frå olja.

Det tok ikkje lang tid før Qatar utnytta den nye rikdomen frå oljekonsesjonane, og slumområda vart raskt fjerna og erstatta av meir moderne bygg. Dei første formelle guteskulane vart grunnlagde i Doha i 1952, og tre år seinare kom dei første jenteskulane. Historisk sett hadde Doha vore ei lokal handelshamn. Det grunne vatnet i bukta hindra større skip frå å nå hamna før 1970-åra, då det vart bygde ei djupvasshamn. Fleire endringar følgde med omfattande landvinning, som førte til utviklinga av den halvmåneforma bukta. Frå 1950- til 1970-åra voks folketalet i Doha frå kring 14 000 innbyggjarar til over 83 000, der utanlendingar utgjorde to tredjedelar av det samla folketalet.

mini|Doha i 1980-åra. Etter sjølvstendet Qatar vart offisielt sjølvstendig i 1971, og Doha vart hovudstaden i landet. I 1973 opna Universitetet i Qatar etter ein resolusjon frå emiren, og i 1975 vart Qatar nasjonalmuseum oopna i det som tidlegare var palasset til herskaren. I 1970-åra vart alle dei gamle bydelane i Doha jamna med jorda og innbyggjarane flytta inn i nye forstader, som Al Rayyan, Madinat Khalifa og Al Gharafa. Folketalet i storbyområdet voks frå 89 000 i 1970-åra til over 434 000 i 1997. I tillegg førte landvinninga til at det samla landområdet auka til over 7 100 mål i 1995, ein auke frå 130 mål på midten av 1900-talet.

mini|Nyare utvikling i Doha.