Shibam (arabisk skrift شِبَام), ofte kalla Shibam Hadhramaut, er ein by i Jemen. Han har kring 7 000 innbyggjarar og er setet i Shibam-distriktet iHadhramaut guvernement. Byen er kjend for dei høge bygningane sine i leirstein.
Historie Byen vart første gongen nemnd i inskripsjonar på 200-talet. Han var hovudstaden i kongedømet Hadramawt.
Geografi Sjibam ligg vest i det sentrale området av Hadhramaut guvernement, i ørkenen Ramlat al-Sab`atayn. Hovudvegen går til Sana'a og andre byar vest i Jemen, og til dei austlege områda av landet. Dei nærmaste byane er Seiyun og Tarim, begge i aust.
Arkitektur Shibam er innskriven på verdsarvlista til UNESCO på grunn av den særeigne arkitekturen. Husa i Shibam er laga av teglstein av gjørme og leire og kring 500 av dei er bustadblokker, frå 5 til 11 etasjar høge, der kvar etasje har eitt eller to rom. Denne arkitektstilen vart nytta for å verne innbyggjarane mot beduinåtak. Shibam har eksistert i kring 1700 år, men dei fleste husa i byen er frå 1500-talet. Mange hus er derimot blitt ombygd mange gonger dei siste hundreåra.
Shibam vert ofte kalla «den eldste skyskraparbyen i verda» eller «ørkenens Manhattan», og er ein av dei eldste og beste døma på byplanlegging basert på prinsippet om å byggje i høgda.Old Walled City of Shibam, UNESCO World Heritage Centre Byen har somme av dei høgaste leirsteinsbygningane i verda, somme av dei over 30 meter høge, og er dermed tidlege høghusblokker. For å verne bygningane frå regn og erosjon, må ein rutinemessig vedlikehalde veggane med å påføre eit ferskt lag med gjørme.
Den nærliggande byen Tarim inneheld det høgaste byggverket i Wadi Hadhramaut-dalen, ein minaret i leirstein som høyrer til Al-Mihdhar moské. Det er kring 53 meter høgt. Dette er den høgaste minareten sør på Den arabiske halvøya.p. 9, The Shadow Factory: The Ultra-Secret NSA from 9/11 to the Eavesdropping on America, James Bamford, Random House, Inc., 2009, ISBN 0-307-27939-1.
Trugslar Byen vart hardt råka av flaum i 2008. Fundamentet på fleire bygningar i byen vart øydelagde av flaumen og førte til at dei etter kvart kollapsa. Byen var òg eit mål for Al Qaida-åtak i 2009.
Galleri
Sjå òg Hadhramaut sultanat
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Shibam» frå , den 31. mai 2016. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Shibamonline.net Shibam på archnet.org Verdsarvastaden på UNESCO Travel Adventures
Kategori:Busetnader i Hadhramaut guvernement Kategori:Verdsarv i Jemen Kategori:Arabisk arkitektur Kategori:Arkeologiske stader i Jemen Kategori:Jemenittisk arkitektur