Beihan (arabisk skrift بيحان), òg kalla Bayhan al Qisab (arabisk بيحان القصاب), er ein by vest i Jemen. Byen hadde 13 234 innbyggjarar i 2004. Han var tidlegare hovudstaden i emiratet Beihan, og er i dag det administrative senteret i Bayhan-distriktet i Shabwah guvernement.
Oversyn Geografisk er Beihan ein dal mellom al-Baidha i nordvest, Ma'rib i aust og Ataq i sør. Det er ein frodig dal med kunstige vatningssystem frå dei nordlege fjella, og fleire brunnar. Hovudavlinga er dadlar, korn og sitrusfrukter, og innbyggjarane er avhengige av buskapen sin for å overleve.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Beihan» frå , den 1. juni 2016. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Busetnader i Shabwah guvernement