Jakob Stam (), kjend som Jaap Stam, er ein nederlandsk tidlegare fotballsspelar frå Kampen i Overijssel. Han vann meisterligaen 1999 med engelske Manchester United, og tre rake ligatitlar; 1999, 2000, 2001, og FA-cupen 1999 med same klubben. I 1997 vart han nederlandsk seriemeister med PSV Eindhoven og i 2004 italiensk cupmeister med SS Lazio.

Midtstopparen Stam deltok i 67 landskampar for Nederland i tida 1996-2004 og skåra tre landslagsmål. Han var i 1998 med på VM-laget som enda på fjerdeplass i fotball-VM i Frankrike.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Jaap Stam» frå , den 1. juni 2016.

Kategori:Nederlandske fotballspelarar Kategori:Manchester United-spelarar Kategori:PSV-spelarar Kategori:Lazio-spelarar Kategori:Milan-spelarar Kategori:Zwolle-spelarar Kategori:Ajax-spelarar Kategori:Willem II-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1996 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1998 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2000 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2004