Madha (arabisk مدحاء) eller Wadi Madha er ein eksklave i Oman, omgjeve av Dei sameinte arabiske emirata (UAE). Han ligg halvvegs mellom Musandamhalvøya og resten av Oman. Provinsen er ein del av Musandam guvernement.

Eksklaven ligg langs vegen Fujairah–Khor Fakkan i emiratet Sharjah i UAE og dekkjer kring 75 km². Folketalet er mindre enn 3 000.

Inne i Madha er det igjen ein emiratarabisk eksklave som heiter Nahwa. Denne høyrer til emiratet Sharjah.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Madha» frå , den 5. juni 2016. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Busetnader i Musandam guvernement Kategori:Eksklavar Kategori:Tidlegare portugisiske koloniar Kategori:Den emiratarabisk-omanske grensa