Wahiba-sanden eller Sharqiya-sanden er eit ørkenområde i Oman. Regionen har namn etter Bani Wahiba-stamma.Alsharan, 615. Ørkenen dekkjer eit område på 180 km frå nord til sør og 80 km frå aust til vest, med ei yte på 12 500 km².Alsharan, 216. Ørkenen har hatt vitskapleg interesse sidan ein ekspedisjon dit i 1986 av Royal Geographical Society som dokumenterte eit variert terreng og plante- og dyreliv, med 16 000 virvellause dyr og 200 andre artar dyreliv, inkludert fugl.Darke and Shields, 216. Dei dokumenterte òg 150 endemiske planteartar.

Geologi Ørkenen vart danna under kvartær-tida av den sørvestlege monsunvinden og den austlege shamalvinden.Alsharan, 215, 279, 280. Etter kva typar sanddyner ein finn i området, er han delt inn i øvre Wahiba og nedre Wahiba. Det øvre området har enorme sanddyner i linjer frå nord til sør, som ein trur er danna av monsunvinden. Dynene i nord vart danna ei stund etter den siste regionale istida og kan vere opp til 100 meter høge.Alsharan, 119, 316. I nord og vest grensa ørkenen til elvedalane Wadi Batha og Wadi Andam.Alsharhan, xii. Under overflatesanden finn ein eldre lag med sementert karbonatsand. Ein trur elveavleiringa kan ha kome frå Wadi Batha i yngre steinalder og no ligg under 200 meter med sand.Alsharan, 282. Ein trur vinderosjon har medverka til nesten flate sletter i sørvest.Cooke et al., 305.

Innbyggjarar Området er busett av beduinar som samla seg ved Al Huyawah, ein oase nær grensa til ørkenen, mellom juni og september for å samle dadlar. Av stammer i området finn ein hovudsakleg al-Wahiba (eller Yal Wahiba) som regionen er kalla opp etter, al-Amr, al-Bu-Isa, Hikman, Hishm og Janaba.

Galleri

Merknader

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Sharqiya Sands» frå , den 3. juni 2016. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Ørkenar i Oman