Khuriya Muriya-øyane eller Kuria Muria (arabisk جزر خوريا موريا, Juzur Khurīyā Murīyā eller Khūryān Mūryān) er ei gruppe på fem øyar i Arabiahavet, 40 km utafor søraustkysten av sultanatet Oman. Øya er ein del av provinsen Shalim- og Hallaniyatøyane i guvernementet Dhofar.

Historie I oldtida vart øyane kalla Zenobii eller Zenobiouøyane. Øyane er nemnt av fleire tidlege geografar som Ptolemaios (vi. 7. § 47) som talte sju små øyar i Khuriya Muriya-bukta (; ), mot innløpet til «Persiabukta» (mest truleg dagens Adenbukta).Cf. Arrian Per. M. Eryth. s. 19. I 1854 avstod sultanen av Muscat (seinare Muscat og Oman og i dag Oman) øyane til britane og i 1868 vart dei lagt til protektoratet Aden (i dagens Jemen). Øyane høyrte til britane fram til 1967 og vart styrte av den britiske guvernøren i Aden fram til 1953, så av den britiske høgkommisæren fram til 1963, og til slutt av den britiske residenten i Persiabukta (heldt til i Bahrain). Den 30. november 1967 annonserte Lord Caradon, den britiske ambassadøren til Dei sameinte nasjonane at øyane, i tråd med ønske til dei lokale innbyggjarne, skulle returnerast til Muscat og Oman, trass i kritikk frå president Qahtan Muhammed al-Shaabi som meinte øyane måtte overførast til Folkerepulikken Sør-Jemen.The Times, December 1, 1967

Øyar ØyarabiskTransliterasjonAl-Hasikiyahجزيرة الحاسكيةǦazīrat al-ḤāsikiyyaAl-Sawdaالجزيرة السوداءal-Ǧazīra al-sawdāʾAl-Hallaniyahجزيرة الحلانيةǦazīrat al-ḤallāniyyaQarzawitجرزعوتǦazīrat ǦarzaʿūtAl-Qibliyahالجزيرة القبليةǦazīra al-qibliyyaKhuriya Muriya-øyaneجزر خوريا مورياǦuzur Ḥūriyā Mūriyā

Sjå òg Al-Hallaniyah Masirah

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Khuriya Muriya Islands» frå , den 3. juni 2016. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff 1911 Britannica WorldStatesmen - Oman

Kategori:Øyar i Oman Kategori:Omstridde øyar Kategori:Omstridde område i Jemen Kategori:Omstridde område i Oman