Dysenteri er ein akutt tarminfeksjon som fører til blodig diare. Andre symptom kan vera feber, magesmerter og ei kjensle av at ein stadig treng å gjera frå seg. Komplikasjonar av sjukdommen kan vera dehydrering.
Sjukdommen kan oppstå på grunn av bakteriar eller amøbeinfeksjon. Dysenteri blir vanlegvis forårsaka av bakteriar frå slekta Shigella, og er då kjend som shigellose, eller av amøben Entamoeba histolytica; det blir då kalla amøbedysenteri eller amøbiasis. Andre årsaker kan vera visse kjemikal, andre bakteriar, andre protozoar eller parasittiske ormar. Den underliggjande mekanismen involverer betennelse i tarmen, særleg i tjukktarmen.
Dysenteri kan smitta mellom menneske. Risikofaktorar for sjukdommen er mellom anna ureining av mat og vatn med avføring på grunn av dårlege sanitærtilhøve. Epidemiar av dysenteri kan særleg oppstå i samband med naturkatastrofar, krigsforhold og i fangeleirar.
Det finst inga vaksine mot dysenteri, men det blir gjort forsøk på å utvikla vaksine.
Sjukdomen kan behandlast med drikkeløysing eller intravenøs væsketilføring. Shigellose kan behandlast med antibiotika som ciprofloksacin eller TMP-SMX. Amøbedysenteri blir ofte behandla med to antimikrobiale middel som metronidazol og paromomycin eller iodoquinol.
Shigella dysenteriae er den farlegaste shigellaarten, og finst berre i tropiske område. S. sonnei og S. flexneri, som ein har funne i Noreg, og står for mindre farlege sjukdommar.
Shigella fører til rundt 165 millionar tilfelle av diare og 1,1 millionar dødsfall i året. Nesten alle tilfelle opptrer i u-land. Folkehelseinstituttet tel kring 150 tilfelle av shigellose årleg i Noreg, dei fleste med opphav i Afrika eller Asia.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Dysentery» frå , den 13. april 2026.
Kategori:Vassborne sjukdommar Kategori:Tarminfeksjonar Kategori:Sjukdommar diagnostisert ved avføringsprøve