Musandamhalvøya (), lokalt kjend som Ruus Al Jibal (), er ei halvøy som dannar det nordaustlegaste punktet på den arabiske halvøya. Det ligg sør for Hormuz-sundet mellom Persiabukta og Omanbukta. Det er folkesett av shihuh-stammen og er hovudsakleg styrt av Oman som Musandam guvernement. Nokre delar er styrte av Dei sameinte arabiske emirata, mellom anna Ras Al Khaimah og delar av Dibba. Fiske er ein viktig næringsveg.
Geografi
Landformer på halvøya er mellom anna dei vetlege Al Hajar-fjella. Desse er også den nordlegaste delen av Hajar-kjeda, og blir saman med halvøya omtalte som Ruʾūs al-Jibāl (). Den største wadien på Mussandam er Wadi Bih, som dannar det sentrale nedslagsfeltet her.
Det høgaste punktet på halvøya er Jabal al-Harim på 2087 moh.
Om vinteren kan området vera relativt kjølig, særleg i fjella Jais, Yanas () og Mebrah.
Flora og fauna
Dyrelivet omfattar mellom anna Ruus al Jibal-viftefingergekko (Ptyodactylus ruusaljibalicus), arabisk tahr og karakal. Det er ikkje kjent om arabisk leopard framleis finst her.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Musandam Peninsula» frå , den 1. mai 2022.
Bakgrunnsstoff
Hiking: The Highest Points in the UAE
Kategori:Musandam guvernement Kategori:Omansk geografi