mini|Cornichen ved Monaco-Monte Carlo i 1906. mini|Beirut Corniche. mini|Corniche du Président John F. Kennedy i Marseille. Corniche er eit opphavleg fransk ord for ein veg som går langsmed ei klippe eller fjellside, der grunne stig på den eine sida av vegen og fell på den andre. Men omgrepet vert òg nytta om vegar som går langs eit hav eller eit vassdrag. Etter denne skildringa har Noreg mange slike vegar, men ordet er, med få unntak, ikkje i bruk utanom den frankofone verda og Det nære austen.

Ordet kjem frå det franske route à corniche eller route en corniche.

Kjende cornicher Dei tre cornichane ved den austlege franske rivieraen Nokre av dei mest namngjetne er corniche-vegane langs den franske rivieraen, i traktene rundt Nice og Monaco. Dei er tre i alt: La Grande Corniche (Den store cornichen) – 31 kilometer lang, bygd av Napoleon I langs den tidlegare Via Aurelia. Oppom Monaco stig han nokre stader til 450 meter over havet. La Moyenne Corniche (Mellomcornichen) – 33 kilometer lang, strekkjer seg frå Menton til Nice, går mellom anna på 150 meter over havet. La Corniche Inférieure (Den nedre corniche) – 31 kilometer lang, bygd av fyrsten i Monaco. Han er kystvegen som går dei forskjellige kystbyane i denne delen av Rivieraen.

Andre kjende cornicher i Frankrike Cannes Marseille Vegen mellom passa Col d’Aubisque og Col du Soulor i Pyreneane.

Cornicher utanfor Frankrike Fleire byar og stader er kjende for sine cornicher (i arabisktalande land: ‏ورنيش‎): Abu Dhabi Casablanca Dakar Doha Dubai Jidda Jubail Jumeirah Muscat (Matrah) Sharjah Yanbu Luxembourg i Luxembourg Nokre vegar i USA og i fransktalande Canada

Langs Middelhavet Alexandria Beirut

Langs Nilen Kairo Assuan Luxor Maadi

Kjelder

"Parcourez la plus prestigieuse route de France". chevrolet.fr. Lest 27. desember 2015. " Flottans glada gossar (1954) - Pressreaktion". Svensk Filmdatabas. Lest 27. dedember 2015. Denne artikkelen bygger på «Corniche» frå , den 4. juni 2016.

Kategori:Vegar Kategori:Franske ord og uttrykk