Duqm (arabisk skrift الدقم) er ein hamneby ved Arabiahavet, aust i Oman. Byen er for tida under rask utvikling og folketalet auka frå 5 100 i 2008 til over 11 200 i 2010. Oman Tourism Development Company utviklar byen til ein ferieby med mål om å auke folketalet til 100 000 innan 2020.
Duqm var tidlegare ein liten fiskarlandsby busett av Janubahstamma. I dag er han ein industriell oljeby med ei større hamn.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Duqm» frå , den 5. juni 2016. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Busetnader i Al Wusta guvernement