Kjell-Ragnar Berge () er ein norsk lærar, krigshistorikar og forfattar. Han er fødd i Hyllestad og busett i Førde.
Berge gjekk Befalsskolen for Feltartilleriet i 1977, gjorde teneste ved FA-bataljonen på Setermoen i 1978, og FN-teneste i Libanon 1979-80. Han er utdanna adjunkt, og var i 30 år tilsett ved Hafstad vidaregåande skule i Førde. I 2016 vart han frilansforfattar på heiltid med spesiell interesse for krigshistorie.
Han har gitt ut fleire bøker og har publisert mange artiklar om krigshistorie. I 1995 gav han ut Fronten er kysten! oversyn over tyske festningsverk i Sogn og Fjordane 1940-45.
Bibliografi Bøker
I bøker - eit utval
Kjelder Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Bakgrunnsstoff I tidsskrift - eit utval Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane
Kategori:Forfattarar frå Førde Kategori:Forfattarar frå Hyllestad Kategori:Norske sakprosaforfattarar