Kunnskapsløftet er ei reform av opplæringa i grunnskule og vidaregåande skule. Reforma vart varsla i stortingsmelding 30 (2003-2004) som vart handsama i Stortinget 17. juni 2004, og vart gjort gjeldande frå hausten 2006. Reforma inneber endringar i innhaldet, organisasjonen og strukturen åt skulen.
Mål og innhald Føremålet med Kunnskapsløftet er frå regjeringa si side at alle elevar skal utvikle grunnleggjande dugleikar og kompetanse for å ta del i kunnskapssamfunnet. Kunnskapsløftet skal leggje auka vekt på læring og vere med på å sikre tilpassa opplæringa for alle elevar.
Dei viktigaste endringane som reforma inneber er: Styrking av grunnleggjande dugleikar. Lese- og skriveopplæring vert vektlagd frå fyrste årssteg. Nye læreplanar i alle fag. Læreplanar som legg vekt på kompetansemål og ikkje så mykje på aktivitetar. Ny fag- og timefordeling. Lokal valfridom når det gjeld arbeidsformer, læremateriell og organisering av opplæringa. Ny tilbodsstruktur i vidaregåande opplæring.
Vidaregåande skule I vidaregåande skule vart dei tidlegare 15 studieretningane erstatta av 12 utdanningsprogram; 9 yrkesfaglege og 3 studieførebuande.
Bakgrunnsstoff Kunnskapsdepartementet sin nettstad om Kunnskapsløftet Læreplanar for kunnskapsløftet
Kategori:Utdanning i Noreg Kategori:Hendingar i 2006 Kategori:Reformer i Noreg Kategori:Utdanningsreformer