«Stone Cold Crazy» er ein song av det britiske rockebandet Queen frå albumet Sheer Heart Attack i 1974. Songen er det åttande sporet på albumet. Sjølv om songen ikkje vart gjeven ut på singel på den tida, vart han spelt på nesten alle Queen-konsertane frå 1974 til 1978. «Stone Cold Crazy» vart gjeven ut på samlealbumet Classic Queen i 1992.

Songen er tilskriven alle medlemmane i bandet, sjølv om Freddie Mercury spelte songen med bandet sitt Wreckage seint 1960-åra, før Queen vart skapt. Den innspelte versjonen kan ha hatt tekst av Mercury og musikk av Brian May. Han var den første songen Queen spelte live i 1970, men han vart endra musikalsk og tekstmessig fleire gonger før han vart spelt inn. Dei tidlegare versjonane av songen var langsamare.

Stil «Stone Cold Crazy» er kjend for det raske tempoet og den kraftige forvrenginga, og er ein føregangar til speed metal. Musikkmagasinet Q skildra «Stone Cold Crazy» som «thrash metal før omgrepet vart funne opp». I 2009 vart han kåra til den 38. beste hardrocksongen gjennom tidene av VH1.

Remiksar Det vart laga tre forskjellige miksar i 1991. Dei første to, av Michael Wagener, vart gjevne ut på forskjellige uttgåver av Sheer Heart Attack-utgåva frå 1991 og på filmmusikkalbumet Encino Man. Den tredje vart laga av Trent Reznor, som gav han ut på fleire promo-CD-ar i 1991-1992 og i 1999. Wagener-miksane er ikkje så veldig forskjellige frå originalen, og inneheld berre ein noko annleis miks av akkompagnementet. Reznor-miksen, miksar Queen-originalen med industrial metal-stilen til Nine Inch Nails. Reznor sin miks inneheld lydklipp av Queen i byrjinga og slutten. Denne var meint for det Hollywood Records-samlinga BASIC Queen Bootlegs, som vart skringlagd.

Medverkande Freddie Mercury – solo- og korvokal Brian May – elektrisk gitar Roger Taylor – trommer John Deacon – bassgitar

Andre versjonar

Metallica spelte songen for samlealbumet Rubáiyát: Elektra's 40th Anniversary i 1990. Denne versjonen vart sidan gjeven ut som B-side til singelen «Enter Sandman» og vann dei Grammy-prisen. Han vart òg gjeven ut på albumet deira Garage Inc.. Metallica-versjonen av songen er meir aggressiv enn originalen. Dei gjorde òg små endringar i teksten.

James Hetfield spelte ein gong songen i lag med Queen & Tony Iommi frå Black Sabbath under Freddie Mercury Tribute Concert. Metallica spelte songen på turneen deira i 1991-1993 og ein versjon finst på Live Shit: Binge & Purge og Français Pour une Nuit frå 2009. Hellyeah spelte Metallica-versjonen av «Stone Cold Crazy» i 2007.

Extreme nytta delar av songen i ein medley på Freddie Mercury Tribute Concert. Bandet Eleven har òg spelt songen med vokal av Queens of the Stone Age-frontmannen Josh Homme (Killer Queen: A Tribute to Queen).

Sum 41 byrja å spele ein versjon av songen på konsertane sine i 2010.

Anna Songen er med i videospelet Guitar Hero: Metallica og Rock Revolution, i tillegg som nedlastbart innhald for Rock Band 3 og Rocksmith.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Stone Cold Crazy» frå , den 10. juni 2016. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff (with James Hetfield og Tony Iommi) Tekst på den offisielle nettsida til Queen

Kategori:Songar frå 1974 Kategori:Singlar frå 1990 Kategori:Singlar frå 1991 Kategori:Queen-songar Kategori:Elektra Records-singlar Kategori:EMI Records-singlar Kategori:Grammy-vinnarar Kategori:Heavy metal-songar Kategori:Hollywood Records-singlar Kategori:Metallica-songar Kategori:Musikkvideoar regisserte av Bruce Gowers Kategori:Songar produserte av Roy Thomas Baker Kategori:Songar skrivne av Brian May Kategori:Songar skrivne av Freddie Mercury Kategori:Songar skrivne av John Deacon Kategori:Songar skrivne av Roger Meddows-Taylor