Giovanni Battista Riccioli () var ein italiensk astronom og katolsk prest i jesuittordenen. Han er mellom anna kjend for eksperimenta sine med pendlar og fallande lekamar.

Han var professor i filosofi, teologi og astronomi i Bologna. I 1651 kom boka hans Almagestum Novum, som var eit samanfattande verk over astronomi. Det inneheld mellom anna eit kart over månen med namn gjevne av Riccioli, men teikna av F. M. Grimaldi. Over 200 av namna (òg hans eige) går att på moderne månekart. Dei namnereglane han stilte opp den gongen, dannar grunnlaget for månenomenklaturen vår.

Ei vollslette på månen er oppkalt etter Riccioli.

Kjelder

Kategori:Folk frå Ferrara Kategori:Italienske katolske prestar Kategori:Italienske astronomar