Ákhna (gresk Άχνα, tyrkisk Düzce) er ein distriktsby på Kypros og ein lokalstyrt busetnad i distriktet Ammókhostos i Republikken Kypros.

Etter den tyrkiske invasjonen i 1974 var busetnaden utanfor kontroll frå styresmaktene og vart fråflytta. Innbyggjarane budde først som flyktningar i ein teltleir nær den opphavlege landsbyen. Seinare vart det bygd opp ein ny landsby i Ákhnaskogen, Dasáki tis Ákhnas (gresk Δασάκι της Άχνας), innanfor det britiske baseområdet Dekélia, berre nokre hundre meter frå den gamle landsbyen.PRIO: Rapport om internt fordrivne på Kypros

Ved folketeljinga i 2021 hadde den nye busetnaden 2 182 innbyggjarar, mot 2 087 innbyggjarar i 2011.

Referansar

Akhna