mini|300px|Skisse over landskapet Vendland i norrøn tid.Teikning av Martin Furseth Vendland eller VindlandVendland må ikkje forvekslast med Vendsyssel, som er eit landskap i den nordlege delen av Jylland i Danmark. Wendland er òg ein region i dagens Tyskland (Hanoverian Wendland) i Nedre Sachsen, sør for elva Elbe. er eit norrønt namn på landområdet på sørsida av Austersjøen (det baltiske havet), lokalisert frå Slien, den gongen grensa mot Danmark i den austlege luten av noverande Holstein, til elva Wisla ved byen Gdansk (eller Danzig).

Geografi Vendland inkluderte det historiske landskapet Pommern, og i tidleg norrøn tid var landet oppdelt i mange slaviske folkestammer. Krønikeforfattaren Adam av BremenAdam av Bremen Beretningen om Hamburg stift (Aschehoug 1993) ISBN 82-03-20028-1 kallar området for «Slavarland» (Sclavania) og nemner (kap. 21 og 22 i bok nr 2) dei ulike stammene. I dei norrøne kongesogene er landet oftast kalla berre Vendland, Vindland eller Slavarland. Der finn vi nemningar som: Vindlendingr (person frå Vendland) Vind-lenzkr, (Vendlandsk) Vindr (folk i Vendland) vindverskr (vendisk språk).

thumb|250px|Wollin i Pommern - kart frå 1905 Det einaste stadnamnet dei norrøne sogene nemner frå Vendland, er Jomsborg. I Fagerskinna er det nemnt at kong Harald Blåtann herja i Vendland (Vindland) og let då føre opp ei borg som vart kalla Jomi (Jómi) som seinare vart kalla Jomsborg (Jómsborg). Adam av Bremen omtalar fleire stader denne byen som «slavarane sin by Jumne». Det er ein teori om at byen låg på øya WollinOm Wolin og Jomsborg (polsk nettside) (Wolin) ved munninga til Oder, der venderane frå gamal tid hadde ein marknadsplass. Teorien er omdiskutert.

Ein finn òg referanse til Vendland i mange samtidige skaldedikt. Arnor jarlaskald nemner i «Magnusdråpa»Magnusdråpa av Arnor Jarlaskald (Skaldic Project) både «vendarane» og «Jomsborg»Nemningane joms eller jomsborg er ikkje brukt i nokon av dei eldste, norrøne skaldedikta. Den første skalden, og den einaste før 1100, som nytta ordet«joms» (jomi) i eit skaldedikt, var Arnor jarlaskald som levde i tida 1012-1075. , der han skildrar at kong Magnus herja og brende byen. (Vann, þás Venðr of minnir, vápnhríð konungr síðan; sveið of ôm at Jómi). I «Olafsdråpa»Olavsdråpa av Hallfred Vandrædaskald (Skaldic Project) nemner òg Hallfred Vandrædaskald folkenamnet «Vender» (Vinða).

Det norrøne landskapet Vendland er i dag ein del av Nord-Tyskland og Polen.

Personar frå Vendland Det var herskarar av Piast-dynastiet som samla dei ulike folkestammene til eit rike, som vart grunnlaget for kongedømet Polen. Hertug Mieszko I (fødd 922-945, død 25. mai 992) herska frå om lag 960 og blir rekna som den faktiske grunnleggaren av Polen. Sonen hans, Bolesław I den modige (Bolesław Chrobry) (fødd 966 eller 967 død 1025) tok over styring etter faren i 992, og vart i 1025 krona som den første kongen av Polen.

Dei skandinaviske landa hadde stort samkvem med Vendland og herskarane der, både på godt og vondt. Dette kan nemnast:

Kong Harald Blåtann var gift med ei «Tove frå Venden». Ho let reise ein runestein etter si mor, ved noverande Sønder Vissing kyrkje i Danmark. Innskrifta lyder slik: Tófa lét gera kuml, Mistivis dóttir, ept móður sína, kona Haralds hins Góða, Gorms sonarRunic Dictionary DR55 S.Vissing, og ein reknar med at ho var dotter til prins Mistivoj (princeps Winulorum) som herska over obotrittane, eit vendisk folk i det noverande Mecklenburg.

Kong Olof Skötkonung hadde ei frillekone som heitte Edla. Snorre omtalar henne som ei trælkvinne og at ho var dotter til ein jarl frå VendlandSoga om Olav den heilage kap. 88. Adam av Bremen opplyser i kap. 39 at kong Olof seinare gifte seg med Estrid, dotter til ein obotrittisk hovding (truleg prins Mieceslas f.ca 943).

Ein kong «Burislav» frå Vendland er nemnt fleire gonger i kongesogene, men oftast utan at ein kan verifisere ein historisk samanheng. Omkring år 980 vart kong Svein Tjugeskjegg gift med Gunnhild, dotter til «venderkongen Burislav» og alt tyder på at ho hadde det polske namnet Świętosława og var dotter til den polske hertugen Mieszko I (sjå ovanfor).

Kong Magnus den gode, då han var dansk konge, heldt slag med vendarane ved Lyrskogshede (Hlyrskogheiđi), som ligg 5-6 kilometer nord for byen Slesvig. Arnor jarlaskald nemner òg om dette i «Magnusdråpa»: han «førte krigsskjold til Vendarane sitt land» (herskjǫld bôruð, til Venða grundar).

Notar

Referansar

Bakgrunnsstoff Hvordan mistet Danmark Vendland? frå historienet.no A Concise History of Poland (Piast Poland ?-1385) av Jerzy Lukowski, Hubert Zawadzki

Kategori:Norrøn tid Kategori:Stader frå norrøn tid Kategori:Austersjøen Kategori:Polske historiske regionar