Hell er eit ringfjell sør på nærsida av månen, innafor den vestlege halvdelen av det enorme Deslandres-krateret. I søraust, òg innafor Deslandres, ligg det større krateret Lexell, og kring 9° i sør ligg Tycho-krateret. Krateret fekk namnet sitt i 1935 etter den ungarske astronomen og jesuittpresten Maximilian Hell. Krateret har 19 satellittkrater med diametrar mellom 3 og 22 km. Nesten alle kratera i Hell er relativt flate og grunne, med ein skarp, tydeleg kant, og eit typisk diameter-til-djupne-forhold på kring 10.

Skildring Hell er noko sirkelforma, men med ein utoverretta bul langs vestsida. Det indre golvet er rullande og ujamt, med fleire åsar og ein sentral topp som er kring 1000 meter høg.Hell, Mai 24, 2010Naosuke Sekiguchi, 1972. Catalogue of Central Peaks and Floor Objects of the Lunar Craters on the Visible Hemisphere. University of Tokyo Press and University Park Press ISBN 0-8391-0649-1 Den skarpe kanten er ikkje særleg erodert, og har ein smal, indre vegg. Kanten er 2,3 gonger høgare i nordvest enn i aust, der han stig til kring 800 meter.Edmund Neville Nevill The moon, and the condition and configurations of its surface, Longmans, Green, and Co., 1876, s. 371

Satellittkrater mini|center|800px HellHell, The Gazetteer of Planetary Nomenclature, USGS Astrogeology Science Sentral BreiddegradLengdegradDiameter, kmDjupne, kmA33.91° S8.51° W20.3B30.04° S5.87° W21.550.63C34.11° S6.59° W13.96E34.64° S6.59° W9.32H31.75° S3.9° W4.870.41J29.7° S6.96° W5.19K34.11° S5.4° W4.82L30.68° S4.79° W5.330.38M30.36° S4.82° W8.150.5N30.07° S5.07° W3.45P32.56° S5.85° W3.42Q33.0° S4.55° W3.75R32.73° S6.66° W3.02S33.54° S6.36° W3.73T33.71° S7.13° W5.12U33.42° S9.28° W4.210.54V32.82° S8.88° W7.16W32.54° S8.73° W7.87X31.98° S9.27° W4.23

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Hell (crater)» frå , den 14. juni 2016. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Ringfjell på månen