Jean Baptiste Joseph, chevalier Delambre () var ein fransk matematikar og astronom. Han var direktør ved Paris-observatoriet, og skreiv fleire kjende bøker om astronomihistorie frå antikken til 1700-talet.

Frå 1788 hadde Delambre eit eige observatorium til disposisjon, der han gjorde omfattande observasjonar av solsystemet. I 1792 publiserte han resultata sine i Tables du Soleil, de Jupiter, de Saturne, d’Uranus et des moons de Jupiter. Her vart astronomiske tabellar for den nyoppdaga planeten Uranus for første gang presentert.

Frå 1792 til 1799 hadde han ansvaret for nymålinga av meridianbogen mellom Dunkerque og Paris, som inngjekk i avgjersla av storleiken til jorda, og dermed for definsjonen av den nye lengdeeininga meter. Han publiserte resultata sine i tre bind i Base du système métrique (1806, 1807 og 1810). Frå 1807 var han professor i astronomi ved Collège de France i Paris.

Kjelder Mæhlum, Lars. (2011, 16. desember). Jean Baptiste Joseph Delambre. I Store norske leksikon. Henta 13. august 2014 frå http://snl.no/Jean-Baptiste-Joseph_Delambre.

Kategori:Astronomar på 1700-talet Kategori:Astronomar på 1800-talet Kategori:Tilsette ved Collège de France Kategori:Medlemmar av American Academy of Arts and Sciences Kategori:Medlemmar av Royal Society Kategori:Franske astronomar Kategori:Franske historikarar Kategori:Vitskapshistorikarar Kategori:Medlemmar av Det kongelege svenske vitskapsakademiet Kategori:Medlemmar av Det franske vitskapsakademiet