Julius Schiller () var ein tysk augustinarmunk i Augsburg og gav i 1627 eit stjerneatlas Coelum stellatum christianum (Kristeleg stjernehimmel) med 49 praktfulle koparstikk. Stjernebileta på den nordlege himmelen fekk namn frå Det nye testamentet, på den sørlege frå Det gamle testamentet og bileta frå dyrekrinsen vart oppkalla etter dei tolv apostlane. Atlaset høyrer med blante dei største bibliografiske raritetane.

Kjelder

Bakgrunnsstoff Schiller's 1627 Coelum Stellatum Christianum & Coelum Stellatum Christianum Concavum ("Christian Starry Heavens») - Full digital faksimile, Linda Hall Library.

Kategori:Fødde i 1580-åra Kategori:Tyske astronomar Kategori:Folk frå Augsburg