Torbjørn Røe Isaksen () er ein norsk politikar for Høgre. Han var næringsminister i regjeringa Solberg frå 2018 til 2020, og arbeids- og sosialminister frå 2020. Røe Isaksen kom frå posten som kunnskapsminister.
Torbjørn Røe Isaksen kjem frå Porsgrunn i Telemark. Han var leiar i Unge Høgre i åra 2004-2008. Han var nummer to på Høgrelista i Telemark under Stortingsvalet i 2005, og vart vald inn på Stortinget ved stortingsvalet 2009.
Han var redaktør i tidsskriftet Minerva frå 2008 til 2009. Han har også markert seg som debattant i mellom anna Morgenbladet og Dagbladet.
Saman med Nikolai Astrup var han redaktør for boka Velferd etter velferdsstaten.
Kjelder
Kategori:Norske kunnskapsministrar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Solberg Kategori:Høgrestatsrådar Kategori:Stortingsrepresentantar 2009-2013 Kategori:Stortingsrepresentantar 2013-2017 Kategori:Stortingsrepresentantar for Telemark Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Norske ungdomspolitikarar Kategori:Leiarar i Unge Høgre Kategori:Lokalpolitikarar i Porsgrunn Kategori:Høgrepolitikarar i Telemark Kategori:Norske statsvitarar Kategori:Elevar ved Universitetet i Oslo Kategori:Folk frå Porsgrunn