«Lazing on a Sunday Afternoon» er ein song av det britiske rockebandet Queen, først gjeve ut på det fjerde studioalbumet deira, A Night at the Opera i 1975. Det er ein av fem songar av Freddie Mercury på albumet.

Bakgrunn «Lazing on a Sunday Afternoon» er ein av dei kortaste songane til Queen, berre like over eitt minutt lang. Mercury spelte piano og song all vokal på songen. Solovokalen vart sungen i studio og reprodusert gjennom hovudtelefonar i ei tinnbøtte i ein annan stad i studio, for å få ein hol megafon-lyd.

Konsertversjonar Songen vart spelt på dei fleste konsertane deira i 1976. Den første kjende konsertversjonen av songen var i starten av den amerikanske delen av A Night at the Opera-turneen i 1976. Songen vart ikkje spelt på den britiske delen av turneen året etter.

Medverkande Freddie Mercury - solo og korvokal, piano Brian May - elektrisk gitar Roger Taylor - trommer John Deacon - bassgitar

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Lazing on a Sunday Afternoon» frå , den 20. juni 2016.

Kategori:Songar frå 1975 Kategori:Queen-songar Kategori:Songar skrivne av Freddie Mercury Kategori:EMI Records-singlar Kategori:Parlophone-singlar Kategori:Elektra Records-singlar Kategori:Hollywood Records-singlar