Erling Helmer Petersen () var ein norsk samfunnsøkonom og politikar for Høgre frå Bærum, busett i Oslo. Han var professor i økonomi både ved Norges Handelshøyskole og ved Universitetet i Oslo. Petersen representerte partiet Høgre på Stortinget i 20 år; 1954-73. Jan Petersen er brorsonen hans.

Erling Petersen var son til ein offentleg tenestemann. Han tok examen artium i 1925 og vart cand.oecon. (statsøkonomi) frå Universitetet i Oslo i 1927. Frå 1929 arbeidde han i Statistisk sentralbyrå. Han var i tillegg universitetsstipendiat frå 1933 og vart i 1939 dr.philos. med avhandlinga Macro-dynamic Aspects of the Equation of Exchange. I 1942 vart han tilsett som professor ved Norges Handelshøyskole, ein posisjon han hadde til 1952. Sommaren og hausten 1945 var han leiar for pengesaneringa i Noreg, og i åra fram til 1953 var han økonomirådgjevar for Noregs Bank. Petersen var professor i statsøkonomi og statistikk ved Universitetet i Oslo frå 1953 til 1973.

Petersen vart vald til stortingsrepresentant for Høgre frå Oslo hausten 1953. Han vart attvald fire gongar og sat såleis på Stortinget til 1973. I den fyrste fireårsperioden var han medlem i Finans- og tollkomiteen, sidan i 16 år i Utanriks- og konstitusjonskomiteen. Han var landsstyremedlem i Høgre frå 1968 til -71.

Petersen skreiv ei rad bøker om pengespørsmål og historieverk om finansverksemder og anna.

Kjelder Norsk Allkunnebok. IX. bandet. 1958

Bakgrunnsstoff

Kategori:Norske økonomar Kategori:Professorar ved Universitetet i Oslo Kategori:Professorar ved Noregs handelshøgskole Kategori:Medlemmar av Det Norske Videnskaps-Akademi Kategori:Stortingsrepresentantar for Oslo Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Stortingsrepresentantar 1954-1957 Kategori:Stortingsrepresentantar 1958-1961 Kategori:Stortingsrepresentantar 1961-1965 Kategori:Stortingsrepresentantar 1965-1969 Kategori:Stortingsrepresentantar 1969-1973 Kategori:Folk frå Bærum Kategori:Folk frå Oslo