Henry Jacobsen () var ein norsk byråkrat og politikar frå Rygge, som representerte Arbeidarpartiet på Stortinget frå 1945 til han døydde i 1964.

Jacobsen var son til ein vognmann i Rygge. Etter å ha gått handelsskule, arbeidde han frå 1918 til 1938 på ei mylne. Sidan var han sjef på Alderstrygdkontoret i Moss fram til han døydde i 1964. Jamsides var han forretningsførar 1926-49 for Møllearbeidernes aktiebakeri.

Jacobsen var medlem i Rygge heradsstyre 1926-28 og frå 1932 til 1960 medlem i Moss bystyre. Han var ordførar i Moss frå 1945 til -60. Gjennom åra hadde han ei mengd verv i det offentlege, og i organisasjonslivet elles.

Ved stortingsvalet 1945 vart Jacobsen vald til å representere kjøpstadene i Østfold og Akershus på Stortinget. Sidan vart han attvald fire gongar, frå 1954 representerte for Østfold fylke, men heile tida Arbeidarpartiet. På tinget var han med i Administrasjonskomiteen fram til 1961, nestformann i komiteen 1954-61. Til sist var han formann i to år, 1961-63, formann i Protokollkomiteen, deretter medlem i same komiteen til han døydde.

Kjelder Stortingsbiografi

Kategori:Stortingsrepresentantar for byane i Østfold og Akershus Kategori:Stortingsrepresentantar for Østfold Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar 1945-1949 Kategori:Stortingsrepresentantar 1950-1953 Kategori:Stortingsrepresentantar 1954-1957 Kategori:Stortingsrepresentantar 1958-1961 Kategori:Stortingsrepresentantar 1961-1965 Kategori:Ordførarar i Moss Kategori:Ap-ordførarar i Østfold Kategori:Folk frå Rygge Kategori:Folk frå Moss