mini|Eit nedsøkk i Mamers Valles fotografert av Mars Express

Mamers Valles (latin for Mamersdalane) er eit dalsystem nord på Mars. Området har mogelege spor etter breaktivitet generelt og meir spesifikt mogelegvis steinbrear.Crater in martian valley Mamers Valles - ESA

Mamers Valles er estimert å ha ein alder på kring 3,8 milliardar år, noko som plasserer det i hesperium-perioden. Materialet på dalbotnane er mykje yngre - kan henda nokre få millionar år eller mindre.Glacier Flowlines in Mamers Valles - THEMIS

Rett vest/nordvest for Mamers Valles ligg landskapet Deuteronilus Mensae. Vidare nordvest ligg krateret Lyot.Kart hjå Gazetteer of Planetary Nomenclature (kartbladet «MC-5 Ismenius Lacus»)

Kjelder

Kategori:Dalar og kløfter på Mars