Jealousy er ein song av det britiske rockebandet Queen, gjeven ut i 1978 på det sjuande studioalbumet deira, Jazz, og eitt år seinare som den fjerde og siste singelen frå albumet. Han var skriven av Freddie Mercury.http://www.allmusic.com/song/jealousy-mt0041498363

Songen vart berre gjeven ut på singel i seks land, USA, Canada, Brasil, New Zealand og Sovjetunionen, men gjekk ikkje inn på salslistene noko stad. Singelen var den første og einaste singelen til bandet i Sovjetunionen. I Sovjetunionen var B-sida «Don't Stop Me Now», men i dei andre landa var B-sida «Fun It». I 1980 var songen på ei liste songar for sommar-OL 1980 som vart halde i Moskva.

«Jealousy» vart skriven av Mercury. May spelar sin Hairfred akustisk gitar med små stykke pianostreng under gitarbanda for å skape den «summande» effekten til ein sitar. Denne effekten var alt blitt nytta tidlegare på «White Queen (As It Began)», frå Queen II. All vokal var sungen av Mercury.

Medverkande Freddie Mercury - solo- og korvokal, piano Brian May - akustisk gitar Roger Taylor - trommer John Deacon - bassgitar

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Jealousy (Queen song)» frå , den 30. juni 2016. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Queen-songar Kategori:Singlar frå 1979 Kategori:Songar skrivne av Freddie Mercury Kategori:Rockeballadar Kategori:EMI Records-singlar Kategori:Elektra Records-singlar Kategori:Hollywood Records-singlar Kategori:Songar frå 1978