Johan Fredrik Olsen Maseng () var ein norsk gardbrukar og politikar frå Askim. Han var stortingsmann for Venstre i tida mellom 1909 og 1924.
Maseng var son til ein gardbrukar. Han i gjekk i åra 1888-90 på amtsskulen i heimbygda Askim. Frå 1894 var han gardbrukar på farsgarden Maseng i Askim. Han var aktiv i skyttarlaget og i ungdomslaget, og var ei tid formann i skulestyret i Askim herad.
I to valperiodar, frå 1906 til -12, var han varamann til Stortinget frå Eidsberg krins. I 1909-sesjonen møtte han frå 25.8 til 13.9.09 på tinget i staden for Ludvig Larsen Kragtorp. Ved stortingsvalet 1915 vart han Maseng vald til å representere einmannskrinsen Eidsberg og partiet Venstre på Stortinget. Han vart attvald to gongar, siste gongen frå Østfold fylke. Perioden 1916-18 var han nestformann i Justiskomite nr 3, medan han i dei siste valperiodane var sekretær i Militærkomiteen.
Kjelder Stortingsbiografi
Kategori:Stortingsrepresentantar 1916-1918 Kategori:Stortingsrepresentantar 1919-1921 Kategori:Stortingsrepresentantar 1922-1924 Kategori:Stortingsrepresentantar for Smaalenenes amt Kategori:Stortingsrepresentantar for Østfold Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Lokalpolitikarar i Askim Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Norske redaktørar Kategori:Folk frå Askim