Peder Pedersson Næsheim () var ein norsk grosserar og politikar frå Stavanger. Han representerte partiet Venstre på Stortinget i to valperiodar.

Næsheim var son til ein bøkker. 14 år gammal byrja han som kontorist og handelsreisande, noko han var i 13 år. I 1898 starta han i heimbyen Stavanger opp eiga grossistforretning i mjøl- og kolonialvarer. Han var medlem av bystyret i Stavanger frå 1907 til -24. Elles hadde han ei mengd tillitsverv, både lokalt og nasjonalt.

Næsheim var perioden 1913-15 varamann til Stortinget frå Holmen krins i Stavanger. Han møtte i 1914 frå 10. mars i staden for Søren T. Årstad, medlem i Justiskomite nr 2. Valperioden 1916-18 var han den same einmannskrinsen sin faste representant på tinget, då som sekretær i Tollkomiteen.

Kjelder Stortingsbiografi

Kategori:Stortingsrepresentantar 1913-1915 Kategori:Stortingsrepresentantar 1916-1918 Kategori:Folk frå Stavanger