Christopher Benedict Bøgh () var ein norsk sorenskrivar og stortingsrepresentant frå Søndre Bergenhus amt. Han var fødd i Kerteminde på Fyn. I 1798 vart han cand.jur. og fekk året etter stilling som kopist i rentekammeret.

Han flytta til Noreg og i 1804 vart han utnemnd til fut i Nordhordaland og Voss, i 1816 sorenskriver i Nordhordaland.

Bøgh var Søndre Bergenhuus amt sitt førsterepresentant til Stortinget i 1815–1817 og 1818–1820. Han budde i Bergen, men utanfor valdistriktet. Valet i 1815 vart likevel godkjent med 57 mot 26 stemmar. I 1818 vart valet forkasta med 52 mot 19 stemmar.

Saman med mellom anna Johan Andreas Budtz, Georg Jacob Bull, Wilhelm F. K. Christie, Edvard Hagerup, Peter Motzfeldt, Jonas Rein og Lyder Sagen var han med i herreklubben Quodlibet i Bergen.

Bøgh døydde på Voss under ei tingferd.

Kjelder Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet, . B. 1 D. 1 : Biografier A-K digital utgave side 156

Erling Gjelsvik: «Quodlibet - selvstendighetens herreklubb», Grunnlovsmagasinet 2014, side 35-37

Denne artikkelen bygger på «Christopher Benedict Bøgh» frå , den 5. juli 2016.

Kategori:Norske sorenskrivarar Kategori:Stortingsrepresentantar 1815-1817 Kategori:Stortingsrepresentantar 1818-1820 Kategori:Stortingsrepresentantar for Hordaland Kategori:Folk frå Kerteminde